Søk i denne bloggen

mandag 20. oktober 2014

Bok: "Hulemannen" (WW #9)

Forfatter: Jørn Lier Horst (f. 1970)
Utgitt: 2013
Format: Innbundet, 352 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: Off the shelf, Krim

Etter at Jørn Lier Horst vant Riverton og Glassnøkkelen for si åttande bok om William Wisting for to år sidan hamstra eg inn Lier Horst-bøker. Eg las to i raskt tempo, også fekk eg tak i den niande boka på bokfestivalen i fjor. Den har nå stått og blomstra i bokhylla i eitt år, heilt til eg tørka støv av den på natt til søndag. Med min kronologiske hjerne har eg sjølvsagt lest dei andre bøkene og, du finner alle anmeldelsane her.

Ein eldre mann blir funnet død i stova si. Mannen er ein av naboane til William Wisting, men verken han eller dei andre naboane har sakna mannen. Dødsfallet får ikkje store overskrifter i avisene, men Wistings journalistdotter Line snapper opp saken. Ho jobber i VGs krimavdeling, men legger inn forslag til sjefen sin om å få skrive ein artikkel om ensomhet for helgemagasinet med utgangspunkt i den døde naboen. Line Wisting er ei dame som som regel får det ho har lyst på, og får klarsignal. I mellomtida har ein anna død mann dukka opp, men det Wisting lærer om dette dødsfallet vil han aller helst ikkje dele med journalistdottera.

Line graver seg langsamt ned i naboens liv og virke, prater med naboane og folk som har kjent han, og får adgang til avdødes hus. Ho avdekker at mannen må ha vore uhyre einsam, og det er akkurat det som ho ynskjer å skrive om i helgemagasinet. Med dottera heime i Stavern trår Wisting varsamt heime i forbindelse med sin eigen sak, men då FBI kjem frå USA for å bistå i saken er katta ute av sekken. Det skal vise seg at saken er meir kompleks enn først antatt, og den skremmer Wisting meir enn han nokon gong har blitt skremt i politisamanheng. Dei to avdøde mennene har meir til felles enn ein skulle tru, og då det blir snakk om ein potensiell seriemordar blir gode råd dyre og jakta intens.

Hulemannen las eg natt til søndag, og då resten av familien la seg, og det vart stilt i huset måtte eg setta på musikk for det vart fælt skummelt undervegs. Jørn Lier Horst har nok ein gong klart å skremme vettet av meg, og når min livlege fantasi fyker hit og dit i nattemørket var det rett før eg ikkje kunne lese ferdig den natta. Hulemannen er ein sidevendar, det går fort framover, og det skjer mykje på kort tid. Lier Horst har klart kunststykket å fylgje opp den prisvinnande førre boka, og eg ser fram til neste bok om William Wisting. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ja, var ikke denne fin! Jeg har også en sånn hjerne som funker i kronologisk rekkefølge. Derfor har jeg nå fått hjem første boken til Lahlum fra biblioteket. Det er umulig å starte med den han ga ut i år :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nå har eg fullført alle bøkene til Unni Lindell (godt hjulpet av ebokbib) og eg har lånt dei siste til Karin Fossum. Eg kan umogleg lese Brudekisten og Helvetesilden utan å ha lest samtlege bøker før den som kom ut i år.

      Lahlum har eg vurdert, skal tenka meg om fram til du har lest den første ;-)

      Slett