Søk i denne bloggen

fredag 3. april 2015

Bokhyllelesing 2015: "Den mystiske plumpudding" (HP #33) (#3)

Forfatter: Agatha Christie (1890-1976)
Originaltittel: The Adventure of the Xmas Pudding
Utgitt: 1960
Min utgåve: 2012
Format: Heftet, 192 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Off the shelf

I skrivande stund har eg 14 uleste Agatha Christie-bøker i bokhylla fordi eg er ein sucker for fine omslag. Lite ante eg då eg valde Den mystiske plumpudding i bokhyllelesingas tredje runde at det var smack rett inn i påskekrimmen. Hercule Poirot og Miss Marple har dermed sneket seg inn i påskeveka nok ein gong. Kriteriet for tredje runde var ein europeisk novelle- eller diktsamling frå 1900-talet, og då var Agatha Christie sjølvskreven.

Den mystiske plumpudding består av fire Hercule Poirot-noveller, og ei Miss Marple-novelle. Novellene er på mellom 24 og 56 sider, og er alle finurleg skrevet. I første novelle, Den mystiske plumpudding, blir Hercule Poirot invitert til å feire ein god gammaldags engelsk jul på landet under påskot av å oppklare tjuveriet av ein rubin. Det er ikkje alle familiemedlemmane som er overbegeistra for den belgiske detektivens nærvær, men sjølv utanfor Poirots komfortable leilighet virker dei små grå perfekt. Denne passer godt som julelesning!

I andre novelle, Den spanske kistens gåte, leser Hercule Poirot i avisa om eit mordoffer som vart funnen i ei spansk kiste. Poirot er allereie hyra inn på ein sak, men den spanske kista blir ein besettelse. Han besøker ein bekjent av seg som huser enkja etter offeret og besøker deretter dei andre involverte. Atter ein gong virker dei små grå, medan mine små grå er totalt fråverande til siste side.

I tredje novelle, Den underlegne, som er den lengste, får Hercule Poirot besøk av ei ung selskapsdame. Lily Margrave kan fortelje at hennar arbeidsgivers mann er blitt myrda på sitt heimekontor. Poirot reiser til den myrdedes heim og finner avdødes hustru, bror og sekretær. Poirot installerer seg i huset først for eit par dagar, så får han tjenaren sin, George, til å pakke for nye fjorten dagar. Nok ein gong er Poirot på sporet av noko, men det er ikkje alle som er fornøgd med det. Eit typisk lukka rom-mysterium der alle mistenkte er i huset eller omkring. Spennande!

I fjerde novelle, Drømmen, møter Hercule Poirot opp til eit avtalt møte hjå millionæren Benedict Farley i Northway House. Som identifikasjon må han vise fram brevet han fekk i posten. I huset får Poirot servert ein draum som Farley har hatt fleire netter på rad. I draumen begår Farley sjølvmord med ein revolver han har i ei skrivebordsskuffe. Han har konsultert fleire leger, men ingen har gitt ei forklaring som Farley er fornøgd med. Poirot ber om å få sjå kontoret og revolveren, men det blir ikkje aktuelt. Då Poirot går er han utan løysing på mysteriet. Ei veke seinare blir Poirot oppringt av ein lege som ber han kome til Northway House der Farley har begått sjølvmord. Detektiven konkluderer raskt at det er snakk om mord og finner den skuldige. Fiffig skrevet!

I femte og siste novelle, Greenshaws dårskap, tar Jane Marples nevø, Raymond West, med seg ein forlegger til eit merkeleg bygd hus. Forleggeren, Horace Bindler, er fascinert av eksentriske ting og bygninger. I huset som på folkemunne blir kalt Greenshaws dårskap møter dei to mennene den einaste gjenlevande Greenshaw, og blir bedt om å bevitne signeringa av hennar testamente. Seinare fortel dei historia til Wests kone, hans niese, Lou Oxley, og miss Marple. Niesa får jobb som sekretær for miss Greenshaw, men bare dagar seinare blir miss Greenshaw myrda. Politiet er utan spor, men miss Marple har som alltid eitt ess i ermet, og har kjapt ei løysing.

Agatha Christie har alltid ei fiffig historie på lur, og som alltid klarer eg aldri å finne utav løysinga før den er avslørt. Av disse fem likte eg best Den underlegne på grunn av det lukka rommet. Alle novellene er filmatisert, men legg merke til at dei kan vera kreativt endra. Lenkene går til IMDb: The Theft of the Royal RubyThe Mystery of the Spanish Chest, The UnderdogThe Dream og Greenshaw's Folly. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg fikk definitivt lyst til å lese flere novellesamlinger av Christie nå, jeg har kun lest om HP og ikke Miss Marple, må notere meg denne.

    SvarSlett