Søk i denne bloggen

fredag 10. april 2015

Boklege ultimatum

Hei og god fredag ettermiddag! Lørdag og søndag er framføre oss, og om du som meg har fri i helga utan spesielle planer så er det ei gullgruve. Eg håper å få lest mest mogleg i House of the Seven Gables og muligens byrje på Jhumpa Lahiris Interpreter of Maladies/Lidelsens tolk som eg skal lese saman med Beathe i april. Blir det hagevér så fortset eg med The House of Mirth på lydbok.

Over til overskrifta. Rikke på den danske bloggen Paperback Castles skreiv om ein videotag på Youtube som heiter Would You Rather, og det er ei rekke spørsmål som eg syns var fine. Here we go!


Vil du helst ...

* utelukkende lese trilogier eller lese enkeltståande bøker?
Eg har eit meget godt forhold til Nora Roberts maaaange trilogier, og elsker igrunnen å få vite meir om karakterene over lengre tid (det gjelder og film vs serie), men eit liv utan Jane Eyre, Persuasion, North and South og utallige andre flotte enkeltståande bøker er ubegripelig. Derfor vel eg enkeltståande bøker.

* utelukkende lese bøker av mannlege eller kvinnelege forfattere?
Vanskeleg spørsmål då eg ikkje heilt veit kor stor skilnaden er på kor mange eg les av kvart kjønn, så eg vel å behalde begge forfatterkjønn.

* utelukkende kjøpe bøker i fysisk bokhandel eller nettbokhandel?
Eg vil behalde den fysiske bokhandelen i framtida og eg prøver å kjøpe flest bøker i bokhandel, men så er dette med utval. På nett kan du søke opp ei bok og i 9 av 10 tilfeller så er boka eit klikk unna. derfor vel eg nettbokhandel.

* at alle bøker skal bli filmatisert som film eller som tv-serie?
Det er mange bra bøker som er blitt filmatisert. BBC er eksepsjonelle på gode klassikere, men det er og mykje dårleg der ute. Derfor vel eg å behalde boka i bokform og ikkje bli filmatisert i det heile.

* lese fem sider om dagen eller fem bøker i veka?
Fem sider om dagen er veldig lite, men fem bøker i veka er veldig mykje. På ei god veke klarer eg kanskje å avslutte fem bøker, men tviler på at eg både kan starte og avslutte fem bøker på ei veke. Det hadde heller ikkje blitt noko særleg kvalitet over eit slikt rush som fem bøker på 7 dager. Derfor fem sider om dagen.

* vera ein profesjonell bokanmelder eller ein profesjonell forfatter?
Eg tenkjer at ordet profesjonell innebærer at du kan leve av det, og då vil eg vera forfatter. Eg liker godt å skrive om andres bøker, men tenk så kjekt om andre kunne skrive om det DU skriver.

* utelukkende lese dine tjue yndlingsbøker igjen og igjen eller lese nye bøker og aldri gjenlese noko du har lest før?
Her vil eg ha i pose og sekk. Eg vil både lese mine yndlingsbøker og lese nye bøker.

* vera bibliotekansatt eller bibliotekar?
Eg trur at bibliotekansatte har meir makt enn bokhandlere, og at det kan vera lettare å tipse lesere om både nye og gamle bøker på eit bibliotek. Derfor bibliotekansatt.

* utelukkende lese bøker i favorittsjangeren eller lese bøker frå alle sjangere utanom favorittsjangeren?
Eg har igrunnen ingen favorittsjanger, men hadde eg ein så ville eg valt i pose og sekk igjen, og lest både favoritter og andre sjangre.

* utelukkende lese fysiske bøker eller e-bøker?
Ingen tvil: Fysiske bøker! E-bøker er heilt greit og sparer plass i overfylte bokhyller, men den gleda å få ein bokpakke i posten, eller gå å plukke i eiga bokhylle eller på biblioteket det kan ikkje samanliknas med eit tastetrykk hjå Amazon.

God helg!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar