Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 16. april 2015

Bok: "The House of Mirth"

Forfatter: Edith Wharton (1862-1937)
Utgitt: 1905
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Anna Fields, 13t39min6sek
Forlag: Blackstone Audio
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Back to the Classics

Eg har tidlegare dette året lest Edith Whartons Ethan Frome. Den har eit førsteklasses språk og vanskeleg å gløyme. The House of Mirth er på Back to the Classics-utfordringa i kategorien A 20th Century Classic, og er den femte boka eg les i utfordringa så langt i år.

The House of Mirth handler om den unge Lily Bart, ei jente frå overklassen i New York City, men har dessverre ikkje for mykje penger. Faktum er at ho har ingenting. Ho er oppdratt til å bli hustru for ein rik mann, men ingen har så langt fridd. Det mangler ikkje på beilere, og romanen byrjer med eit besøk hjå Lawrence Selden, ein mann Lily har romantiske kjensler for. Ein annan ho kunne ha gifta seg med ender opp med å gifte seg innenfor den sosiale sirkelen så var det toget gått.


Romanen handler i bunn og grunn om Lilys liv, om hennar pengeproblemer, kjærleiksproblem og reisene hennar. Om ho ikkje har pengar så reiser ho ein del i løpet av ca 300 sider for når ein blir invitert på reise så betaler ein ingenting. Ein gammal flamme dukker opp, ein jøde ved namn Simon Rosedale, og han vil rette opp i uføret Lily har satt seg i. Ho nekter derimot å møte nokre krav han setter, og han er ute av dansen. Det er ikkje så lett å vera Lily Bart, og romanen er på mange måter eit satirisk blikk på den amerikanske overklassen. Dei som har penger har det fantastisk (om enn kjedeleg sidan det er elskere i biletet) og dei fattige, men høgt sosialt utdanna har det vanskeleg.

The House of Mirth er ingen solskinnshistorie, men ein interessant klassiker som kan vera eit motstykke til dei britiske klassikerne der alt som regel ender godt. Den er til tider rå, og det er ikkje så hyggeleg å høyre at Lily har det vanskeleg. Eg har den i bokhylla, men har høyrt den på lydbok, og det er ingenting å utsette på verken det skrevne eller munnlege språket. Nå har eg lest to romaner av Edith Wharton og lurer litt på om ho skreiv lukkelege slutter på sine historier. Tiden vil vise!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar