Søk i denne bloggen

søndag 28. juni 2015

Bokhyllelesing 2015: "Anne of Green Gables" (Anne of Green Gables #1) (#5)

Forfatter: Lucy Maud Montgomery (1874-1942)
Utgitt: 1908
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 427 sider
Forlag: Puffin In Bloom
Mål/utfordringar: Bokhyllelesing, Back to the Classics

Denne veka har temaet i Heddas bokhyllelesing vore barndom, og eg har lest ein barndomsklassiker. Halvvegs i boka innsåg eg at eg har lest den før, men eg håper Hedda tilgir meg med tanke på at det er nærmare 13 år sidan den vart lest. Eg slår to fluer i ein smekk og legger og denne i kategorien Classic by a Woman Author i Back to the Classics-utfordringa.

Som eg har nemnt er det ikkje fyrste gongen eg har lest om Anne of Green Gables, men då det er såpass mange år sidan førre gong den vart lest har eg kost meg skikkeleg med dei drøyt fem åra av livet til Anne Shirley. Ho er ei foreldrelaus rødhåra jente som havner hjå det aldrande søskenparet Matthew og Marilla Cuthbert på Prince Edward Island, Canada. Igrunnen hadde søskenparet bedt om ein gut frå barneheimen, men det vart gjort ein feil og Anne kom istadenfor. Etter eit par dagar blir det bestemt at Anne skal få bli på Green Gables. I løpet av dei drøyt fem åra gjer Anne mange rare ting som å farge håret grønt, slå ei tavle over ein gut, klatre på hustaket etter ei utfordring, snakke hull i hodet på alle ho treffer, men mest av alt bringer ho liv og glede til Green Gables. Marilla og Matthew elsker ho med all si kraft, sjølv om Marilla ikkje er den fyrste til å innrømme slikt.

Etterkvart blir det klart at Anne er ein kløpper på skulen, og får gå vidare på college og ta lærereksamen. Hennar beste venninne er naboen Diana Barry, men dei har og sine uhell, og ved eit tilfelle får dei ikkje vera i lag for Anne skjenkte Diana full på bringebærvin ved eit uhell. Då systera til Diana blir veldig sjuk og Anne redder livet hennar tilgir fru Barry Anne.

Anne of Green Gables er ein roman om barndom, og kan absolutt lesas for barn, syns eg og at den har ein del for vaksne. Til tider veit ikkje Marilla kva ho skal gjere med alle fantasiane til Anne; naboen, Rachel Lynde, har Anne vore i tottane på meir enn ein gong; og hennar absolutte fiende på skulen, Gilbert Blythe, er til tider håplaust forelska. Eg digger Anne of Green Gables, det har eg gjort heilt sidan eg leste den fyrste gong, og etterkvart vil eg lesa resten av serien om Anne på ny. Varmt anbefalt!

XOXO

7 kommentarer:

  1. For en koselig bok. Herlig med bøker som er for barn men som godt kan leses av voksne, eller motsatt :)

    SvarSlett
  2. Eg har lese bøkene mange gonger, og har faktisk planar om å gjera det på ny når eg kjem heim til jærs i sommar. Eg tykkjer ofte at Anne er irriterande og rar og teit, men det er så mykje varme i romanane at det er vanskeleg å la det gå. Skildringane av livet i Green Gables er så fantastisk, det er mange morosame karakterar og vakre skildringar. Og Gilbert Blythe, då.

    SvarSlett
    Svar
    1. Gilbert Blythe skulle hatt ein roman heilt på eiga hand <3

      Eg las heile serien på vgs, men det byrjer å bli nokre år sidan. Fantastiske skildringar og ein uendelighet av varme i bøkene.

      Slett
  3. Eg har faktisk aldri lese desse bøkene (fy!), men såg heile serien på TV og elska det. Eg har derimot skaffa meg bøkene i seinare tid, så dottera mi (og gjerne sønene mine) skal få lese dei.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har og sett serien på TV og på DVD seinare, og elsker det. Eg har kun den fyrste boka sjølv, men alt kan lånas eller kjøpas til Kindle :-)

      Slett
  4. (Bibliotekari) Nå har jeg også lest den, og jeg elsket den <3. Jeg skal også lese resten av serien etter hvert, men først skal jeg lese noen av de andre klassikerne som jeg ikke har lest og som jeg faktisk har lyst til å lese.

    SvarSlett