Søk i denne bloggen

Laster inn...

tirsdag 14. juli 2015

Bok: "Brevene dine legger jeg under madrassen. En brevveksling 1971-2002"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002) og Sara Schwardt
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, oversatt av Bodil Engen, 205 sider
Forlag: Heinesen

I løpet av sin forfatterkarriere mottok Astrid Lindgren uhorvelige mengder med brev av barn frå heile verda, og det var umogleg å svare alle på ein ordentlig måte. Astrid Lindgren var likevel urokkeleg på at alle skulle få eit svar, og fekk lagt til svarkort som vart sendt ut i hopetall. 2015 blir av mange kalt Astrid Lindgren-året då det blir gitt ut norskoversatt biografi til hausten, krigsdagbøkene har kome ut (hjå meg venter den på å bli lest), nye oversettelser av Pippi er på gang, og Lindgren-forsker Agnes-Margrethe Bjorvand ved Universitetet i Agder vart gledeleg overraska over denne boka.

Brevene dine legger jeg under madrassen er ei samling brev som den unge Sara Ingeborg Ljungcrantz, gift Schwardt, og Astrid Lindgren skreiv til kvarandre i ein periode på 30 år. Brevvekslinga starta med Sara Ljungcrantz' brev til Astrid Lindgren der ho skriver kor skuffa ho er over Pippi-filmane og at ho kunne gjort det mykje betre sjølv. Svarbrevet vart imidlertid skylt ner i do, men dei fortset å skrive til kvarandre.

Sara Ljungcrantz har det ikkje lett i livet, og Lindgren blir interessert i den unge jentas tilværelse. I løpet av brevvekslinga fortel Ljungcrantz om det dårlege forholdet til faren, om åra hjå mormor på landet, og om bibelskole og det å bli frelst. Lindgren fortel om livet med barn og barnebarn, om bøker ho skriver (Brødrene Løvehjerte og Ronja Røverdatter blir nemnt i brevene), og om livet generelt.

På sine knappe 200 sider fins det ein sterk historie og eit ynskje om eit betre liv. Det er ei bok som var uventa, men meget godt mottatt, og den gjer meg eit meir jordnært bilete av forfatteren Astrid Lindgren. Anbefales!

XOXO

Intervju med Bjorvand og Schwardt frå april-15 HER! (NRK Nett-TV)

8 kommentarer:

  1. Flott omtale! Jeg likte også denne boken veldig godt, det var som å bli kjent med Lindgren på en litt personlig måte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt meir personleg og jordnært enn biografier :-)

      Slett
  2. Denne boken virker så fin!! God omtale Elida :)

    SvarSlett
  3. Jeg også syntes denne boken virker så fin! Kommer nok til å kjøpe den en vakker dag. Fin omtale, Elida :-)

    SvarSlett
  4. Flott innlegg og et godt tips om en bok jeg må lese!

    SvarSlett