Søk i denne bloggen

tirsdag 28. juli 2015

Booker-longlist: "The Green Road"

Forfatter: Anne Enright (f. 1962)
Utgitt: 2015
Forlag: Vintage Digital
Anna: Kjøpt ebok, 312 sider

Den irske forfatteren Anne Enright mottok i 2007 Man Booker Prize for The Gathering. Den boka las eg fem år seinare, og den dag i dag har eg eit horn i sida til Enright. Eg likte ikkje boka i det heile tatt, men eg byrjer å lure på om det kan vera den norske oversettinga det er noko gale med. Anne Enright skriver både romaner og noveller, og er publisert i begge sjangre.

The Green Road handler om ein syskenflokk på fire som alle har forlatt opphavet sitt for å søke lukka andre stader av verda. Dei har alle sine problem, men då mora, Rosaleen, skriver i julekorta til barna sine at ho skal selgje huset blir dei tvungne til å kome heim for å feire jul.

Romanen er delt inn i to deler: Leaving og Coming Home. I første del har syskena og mora kvar sitt kapittel, Hanna, Dan, Constance, Emmet og Rosaleen, men årstala er ikkje dei same. Det spenner seg frå 1980 til 2005, og fortel i brokker om hovudpersonen og små drypp om kva dei andre syskena gjer. I første del får me høyre om Hannas liv då ho blir med faren til farmora, om då Dan vil bli prest og om då ho besøker Dan på college i Galway. Elleve år seinare treffer me Dan i New York der han har budd nokre år saman med kjærasten Isabelle. I løpet av eit ferieopphald har han eit homofilt forhold til Billy. Seks år seinare er den eldste av syskena, Constance, på sjukehuset for å finne ut om ho har brystkreft. Ho mimrer tilbake til ungpikedagene då ho sparte for å flytte til Amerika med venninnene, men endte i staden opp som gift husmor med tre unger. Fem år seinare treffer me Emmet i Mali der ha sannsynligvis arbeider som lege. Tre år seinare skriver Rosaleen julekort med annonseringa om at ho vil selgje huset. I andre del er ungane på veg heim for å feire jul, og med fire veldig ulike sysken under same tak oppstår det litt av kvart. Samtaleemner går i taket, og det heile kulminerer i at Rosaleen forlater huset utan å seie frå til nokon. Etter nokre nervepirrande timar med søk etter ho blir ho funnet, huset blir solgt og alle er lukkelege. Eller?

Anne Enright skriver bra i denne romanen, eg har nesten gitt opp det hornet i sida. Likevel er det noko som skurrer. Eg syns det mangler noko på slutten, den er litt for open for min del. Kva kjem til å skje med Rosaleen og barna. Blir dei lukkelege og kan snakke med kvarandre på eit normalt vis, eller vil dei alltid leve i kvar sitt område av verda? Den dysfunksjonelle familien er eit emne mange forfattere har skrevet om, og det ser ikkje ut til å gå tomt. Alt i alt er det ein god roman, og om den kjem på longlist i morgon så jubler eg av fleire årsaker.

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen, Linn og Stine.

8 kommentarer:

  1. Takk for innblikk i en av bøkene jeg ikke blir overrasket om dukker opp på lista i morgen! Supert å ha en ide om hva boka handler om og hva ditt inntrykk av den er.

    SvarSlett
  2. Har ikke hørt om forfatteren før, og det blir spennende å se om den kommer på listen i morgen. Fikk lyst til å lese denne boken,så tusen takk for tips! :-)

    SvarSlett
  3. Jeg likte heller ikke slutten, og synes generelt at den andre delen var svakere enn den første. Men jeg tror mange kommer til å like denne. Forsto meg ikke helt på den tilsynelatende lykkelige slutten, som kanskje ikke var så lykkelig likevel. Ble veldig sukkersøtt og urealistisk et lite øyeblikk..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur og mange kan like den, men det vart litt rart på slutten :-)

      Slett
  4. Jeg er i utgangspunktet litt skeptisk til denne, selv om jeg er glad i Enright - settingen gjør meg litt matt, får en følelse av at jeg har lest det før etc. Ble litt fristet til å gjøre et forsøk allikevel av å lese dette, men tror jeg venter til den (eventuelt/sannsynligvis) kommer på shortlisten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sannsynligvis kjem den på shortlist, Enright er allereie storfavoritt til å vinne :-)

      Slett