Søk i denne bloggen

søndag 1. november 2015

Bokhyllelesing 2015: "Hard Times" (#8)

Forfatter: Charles Dickens (1812-1870)
Utgitt: 1854
Min utgåve: 2003
Format: Heftet, 321 sider
Forlag: Penguin
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Bokhyllelesing

Den britiske forfatteren Charles Dickens er eit kjent namn for dei fleste med romanar som David Copperfield, Our Mutual Friend og A Christmas Carol på samvittigheten. Hard Times er ein av romanane eg ikkje hadde eit forhold til frå før eg starta å lese den, men etter endt lesing frister det ikkje å få eit nærare forhold til den heller.

Hard Times går føre seg i den oppdikta byen Coketown, og her er det skuleeigaren Thomas Gradgrind som dominerer. Han er opptatt av fakta, og noko av det første han gjer i romanen er å få ei av hans elever til å definere ein hest. Då ho ikkje klarer det får ho tidenes reprimande. Mannen er meget opptatt av fakta, og ingenting anna er godt nok. Fantasi kan ein bare gløyme under denne skulemesteren. Elles i romanen finner me familien til Gradgrind, den unge sirkusjenta Sissy, forretningsmannen Mr Bounderby, og den uheldige veveren Stephen Blackpool. Men så var det handlinga da. Kva skjer eigentleg i boka? Når sant skal sies så må du gjerne fortelje meg kva som skjer i boka, for eit ordentleg plot har eg ikkje funne, og det virker litt som om Dickens har tatt ein haug med til-overs-karakterer og putta dei inn i ein oppdikta by og latt dei seile sin eigen sjø.

Det er ikkje få gonger eg har irritert meg over at Dickens skreiv så lange bøker. Tenk kor lett det hadde vore og tatt føre seg Dickens om bøkene hadde vore type 300 sider alle saman. Viss Hard Times er definisjonen på kort Dickens-roman så kan du gje meg ein 900 siders roman med det same. Denne kjem til å forsvinne langt inn i bokhylla og eg garanterer at den kjem ikkje ut med det første. Det er ikkje bare sidetalet som er spesielt med denne boka, det er og den einaste Dickens-romanen som ikkje har ein eller anna handling frå London. Mogleg at dette bare var eit PR-stunt for å få opp salet av tidsskriftet Household Words slik det er hevda i Wikipedia-artikkelen? Eg veit at Dickens har betre bøker både før og etter Hard Times, og er bombesikker på at neste Dickens blir ein innertier.

XOXO

* Ann Helen har skrevet om Hard Times HER

6 kommentarer:

  1. Ja, vi får trøste oss med at dette nesten må ha vært bunnpunktet i karrieren. Liker ideen om PR-stunt. Selv føler jeg at dette er noe han hadde liggende i en skuff, og ga ut fordi han hadde skrivesperre. Synses forøvrig at det er rart at denne gir 1001poeng, mens f.eks the Pickwick
    Papers ikke gjør det (selv om jeg så klart er fornøyd med å i det minste ha fått et par kryss ut av opplevelsen). Mulig jeg blogger et par ord om denne i løpet av dagen selv.

    (PST: ikke hold deg unna alle kort Dickens romaner, Two Cities er nesten like kort - men ikke noe mindre super av den grunn).

    SvarSlett
  2. Det er gøy med synsing når forfattaren har vore død i nokre år :-) Veldig greit med kryss for dårleg opplevelse. A Tale of Two Cities har eg lest, og den er god :-D

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, ja, det viste jeg jo egentlig. Blir litt overivrig i misjoneringa mi noen ganger :)

      Slett
  3. Har ikke lest et ord av Dickens ennå men jeg kan trygt styre unna denne virker det som.... Hehe...måtte le....likte kommentaren din om å gi deg en 900 siders roman som du skulle putte langt inn i bokhyllen, herlig!
    Mulig jeg har spurt deg før men hvilken Dickens kan være greit å begynne med?

    SvarSlett
    Svar
    1. Den romanen eg skal dytte langt inn i bokhylla er Hard Times, 900 siders romanen skal eg trykke til mitt bryst ;-)

      Kan ikkje huske at du har spurt før, men ein god ting kan aldri seies for mange gonger. Eg liker veldig godt Our Mutual Friend/Vår felles venn. Den fins på norsk: http://www.adlibris.com/no/bok/var-felles-venn-9788203217890. Eg er ikkje så vilt glad i denne oversetteren (det var han som oversatte alle Harry Potter-namna til norsk), og har ikkje lest den på norsk så eg kan ikkje garantere for korleis namna er tatt for seg. A Tale of Two Cities er ganske kort, men den er veldig god. Hadde gjerne begynt der, elles er David Copperfield og Oliver Twist gode :-)

      Slett
  4. Da vet jeg vilken Dickensroman jeg skal holde meg unna! Kjenner et sug etter Dickens akkurat nå, kanskje det er årstiden?

    SvarSlett