Forfatter: Colum McCann (f. 1965)
Utgitt: 1998
Min utgåve: 2010
Format: Heftet, 242 sider
Forlag: Bloomsbury
Mål/utfordringer: Bokhyllelesing, Off the shelf
Den irske forfatteren Colum McCann oppdaga eg for to år sidan då romanen TransAtlantic var på Man Bookers longlist 2013. Det var noko av det beste eg las det året som førte til at eg har fleire romaner av McCann i bokhylla, sjølvsagt ulest. Eg gjer eit forsøk på å lese mest mogleg ut av bokhylla før året er omme, og sidan eg trakk meg frå bokhyllelesingas sjette runde tidlegare i år med kategorien bok frå 1990-talet, så passer denne inn, om enn litt forsinka.
This Side of Brightness fortel to parallelle historier som etterkvart blir fletta saman. Den eine historien handler om Nathan Walker som kjem til New York i byrjinga av det 20. århundret, og starter i jobb som utgraver av byens undergrunnssystem. Det er ein til tider farleg jobb, og kjem etterkvart til å prege hans tidlege alderdom. Walker er farga, men nede i tunnelane er alle like og uansett hudfarge, nasjonalitet eller religion arbeider dei saman. Walker får utover i romanen familie på både godt og vondt, men å vera farga er ikkje det enklaste i eit rasedelt Amerika.
Den andre historien føregår på slutten av 1990-talet og handler om Treefrog som bur under jorda. Hans historie involverer ei rekke karakterer som er såkalla 'moles' og alle bur under New York City. Utover i romanen får me høyre hans historie om ein vraka familie, og korleis han bruker dagane til å overleve.
Colum McCann skriver om raseskilje, desperasjon og immigrasjon i This Side of Brightness. Det er ein interessant historie om korleis byen New York reiser seg, og om fire generasjoners kamp for å overvinne ulikheter med resten av byen. Eg syns byrjinga var best, og at det tapte seg litt mot slutten. Romanen kunne kanskje vore ein anelse kutta, utan at eg kan sei kva eg ville ha kutta. I sin heilhet var This Side of Brightness ein god roman, og eg anbefaler den gjerne vidare!
XOXO
Leste Transatlantisk ferdig tidligere i dag og likte den veldig godt så jeg er klar for mer McCann og har bestilt boken på nett. Nå har både du og Ann Helen snakket så varmt om denne boken og da var det liksom ikke så mye å lure på. Raseskille er tema som jeg liker å lese om så denne gleder jeg meg til.
SvarSlettIkke at det spiller noen rolle men det var Let the great world spin hun anbefalte, ser den er oversatt til norsk også, har du lest den?
SvarSlettEg har ikkje lest "Let the Great World Spin", men den står i bokhylla. Det er ikkje umogleg at den blir lest snarleg, burde knekke Dickens-boka først...
Slett