Søk i denne bloggen

lørdag 19. desember 2015

Bokhyllelesing: "Søndager i august" (#9)

Forfatter: Patrick Modiano (f. 1945)
Originaltittel: Dimanches d'août, oversatt av Tom Lotherington
Utgitt: 1986
Min utgåve: 2014 i revidert utgåve
Format: Heftet, 143 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den franske forfatteren Patrick Modiano mottok i 2014 Nobelprisen i litteratur for sitt omfattande forfatterskap. Sjølv hadde eg aldri høyrt om mannen, men eg har nå fleire av hans romaner ståande ulest i bokhylla. I utgangspunktet hadde eg tenkt å lese Thomas Mann i Heddas bokhyllelesing, men når tida ikkje strakk til tar ein noko litt kortare og då vart det Modiano.

Søndager i august går føre seg i Nice, og her treffer me Jean. Han bur i eit nedslitt hybelhus og er ikkje langt frå å miste jobben i eit bilverksted. Han ser tilbake på ein seinsommar med Sylvia, og eit eventyr med ein diamant. Eit mystisk par som og bur i Nice er til bekymring for Jean, og ein anna mann Jean har truffet i Nice vil han helst unngå. Spørsmål om tilhørighet, og kvifor ein er der ein er, er ting som blir tatt opp i Modianos bok.

Eg har kun lest ei bok av Modiano tidlegare, men han har som regel med fleire historier og tidspunkt i bøkene sine. Dei romanane eg har i bokhylla er korte (og det trur eg er gjeldande for store deler av forfatterskapet hans), men dei rommer ein uendelighet av spørsmål. Søndager i august er spennande på ein langsam måte, og du får medlidenhet med hovudpersonen Jean. Patrick Modiano er ein mester i å skildre stemninger - både i omgivelser og sinn. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne boken leste jeg i fjor og syntes å erindre at jeg likte den, jeg leste vel 3-4 av bøkene hans på rappen men har ikke lest den nyeste av de som har kommet ut på norsk. Jeg syntes at alle bøkene er litt langsomme men det går helt fint :-) Bokhyllelesingen fikk jeg ikke med meg denne måneden, men jeg starter på ny frisk på nyåret! Ha en fin søndag, Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har fleire ståande ulest - både på norsk og engelsk, så det blir meir Modiano etterkvart :-)

      Fin søndag til deg og!

      Slett