Funnet på Pinterest |
Det er ikkje få gonger oppigjennom barndommen at mor og far har klaga over at eg aldri la meg for å sove. Eg har søsken med veldig gode sovehjerter og ikkje i nærleiken av så mange bøker under dyna-episoder, medan eg har heile tida blitt humoristisk trua med å bli slått i svime for at eg skulle sove.
Funnet på Pinterest |
Dei siste vekene har eg funne ut at eg mangler ein funksjon i kroppen. Eg husker ikkje om eg har skrevet om dette på bloggen eller om det bare har blitt nemnt til kolleger og bokbloggere, men funksjonen som "alle andre" har heiter: To sider - snork! Min heiter: Shit, er klokka så mykje! (og burde strengt tatt hatt fleire utropsteikn) Har eg først kome langt inn i handlinga i ei bok blir klokka mange gonger litt for mykje. Dette oppdaga eg då eg tidlegare i haust las Lucinda Riley, men eg kan med handa på hjartet seie at det har skjedd tidlegare. Eg kan huske fleire episoder der eg har lagt vekk ei ferdiglest boka klokka to om natta og nærmast sovna på sekundet. Eg vil for alt i verda ikkje ha den første funksjonen, men ein mellomting hadde vore fint.
Det er noko magisk over det å finne ei bok som gjer deg så uendeleg oppslukt at du gløymer tid og stad, men enkelte gonger så burde eg begrense slike bøker til fredags- og lørdagskveldene. Då er det hvertfall ingenting eg MÅ opp til.
Funnet på Pinterest |
XOXO
JA, de hender... Men jeg har lært meg å være strengere med meg selv med årene, ellers blir dagene på jobb dagen etter alt for tunge.. Er man B-menneske i et samfunn for A-mennesker, må man noen ganger lære å regulere seg- så får man heller ta det igjen i helgene.;)
SvarSlettDet er klart, og det gjer eg og. Tar det fort igjen i helgene ;-)
SlettDet du skriv om barndommens lesing-i-smug-under-dyna kjenner eg meg igjen i. Eg var også akkurat slik. Las bøker til langt på natt og fekk altfor lite søvn.
SvarSlettEg har alltid lest på senga, men i vaksen alder har eg blitt ein slik "To sider - snork"-lesar. Det skuldast at eg legg meg seint (aldri før midnatt) og står opp klokka 06.00. Så når eg har lagt meg sovnar eg nesten momentant, same kor spennande boka er.
Så jillt at det er andre som meg :-)
SlettJeg har absolutt funksjonen Shit, er klokka så mykje! :-) Jeg er også natteravn og leste under dyna med lommelykt som liten. Nå prøver jeg å være fornuftig og legge meg halv 11. Men jeg kan fint lese til halv 2 før jeg klarer å legge fra meg boka :-)
SvarSlett