Søk i denne bloggen

mandag 18. januar 2016

Back to the Classics #1/Bokhyllelesing #1/1001-sirkel: "The Scarlet Letter"

Forfatter: Nathaniel Hawthorne (1804-1864)
Utgitt: 1850
Min utgåve: 2009
Format: Papir, heftet, 244 sider
Forlag: Penguin Classics Deluxe Edition

Den amerikanske forfatteren Nathaniel Hawthorne har fire romaner på samvittigheten, og eit par novellesamlinger. I fjor las eg The House of Seven Gables (1851) og tenkte at mannen må kunne betre enn dette. Nemnte bok var nemleg langtrukken frå ende til annen, og det var med ein viss betenkelighet eg begynte på The Scarlet Letter. Romanen har vore øverst på leselista i årevis, men av ein eller anna årsak har den alltid blitt dytta ut av lista på tampen av året. Då det var utsikter til trippelkryss vart The Scarlet Letter lest i både Lines lesesirkel, i kategorien A 19th Century Classic i Back to the Classics-utfordringa og i Heddas bokhyllelesing (raudt omslag).

The Scarlet Letter går føre seg i Boston-området, Massachusetts i åra 1642 til 1649. Den handler om Hester Prynne som etter å ha fått eit barn utanfor ekteskap må gå med ein A på brystet (= adulteress) som straff for sine handlingar. Med A-en på brystet og barnet, Pearl, ved si side må Hester gjera sitt beste for å brødfø seg sjølv og dottera, samtidig som sladrekjerringer og velmeinande menn gjer sitt for å gjere livet surt for ho. Hester Prynne har ved fleire anledningar nekta å oppgi namnet til barnefaren, og ektemannen som ho lenge har trudd var død lever og blant byfolka. Det er med andre ord ingen lett situasjon Hester Prynne har satt seg i, og når ektemannen sverger hevn over barnefaren begynner det å bli hett under beina for mange. Nathaniel Hawthorne har vist i mi første bok av han at lukkelege mennesker er ikkje så lette å finne i hans romanar, og det blir ingen Jane Austen-slutt for Hester og Pearl heller.


Dette årets Hawthorne var betre enn fjorårets og kvifor eg har kvidd meg for denne romanen forstår eg ikkje. Hawthorne går gjennom tema som svik, synd, skyld og utroskap, men er det verkeleg utroskap når du trur at mannen din har omkomme på sjøen? Korleis kunne Hester Prynne vite at mannen skulle kome tilbake etter fleire år? Det er spørsmål eg har undra meg over i løpet av 244 sider. I dag rynker ein så vidt på bryna over barn utanom ekteskap, men utroskap derimot ser ein like surt på (eg gjer hvertfall det). Nathaniel Hawthorne skriver meget godt, og sitater er på sin plass:
Never, since her release from prison, had Hester met the public gaze without her. In all her walks about the town, Pearl too, was there; first as the babe in arms, and afterwards as the little girl, small companion of her mother, holding a forefinger with her whole grasp, and tripping along at the rate of three or four footsteps to one of Hester's. (s. 85)
"Run away, child," answered her mother, "and catch the sunshine! It will soon be gone." (s. 168)
Anbefales!

XOXO

8 kommentarer:

  1. Eg har bare lese ei novelle av Hawthorne, men eg har lenge tenkt på at eg skal lese meir av han.

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne må leses! The House of Seven Gables er langtrukken, men interessant.

      Slett
  2. Årh, denne har eg hatt lyst til å lesa lenge, og nå håpar eg at det ikkje er lenge før eg rekk å finna ho fra, (trur det er ei av dei nedpakka bøkene i kjellaren ...) Takk for fin omtale!
    Ha ein glad dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne må lesas, Pia, grav den fram! Glad dag til deg og :-)

      Slett
  3. Å ja! Jeg har lenge lurt på denne jeg også, men så leste jeg The House of Seven Gables i fjor. Tabbe! Takk for tipset - for nå skal denne inn på lista mi igjen! Flott omtale! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las og The House of Seven Gables i fjor, men The Scarlet Letter er mykje betre :-)

      Slett
  4. The Scarlet Letter er blant mine største favoritter i amerikansk litteratur, og jeg har vanskelig for å skjønne at Hawthornes andre romaner ikke er like gode. Men det er bare én måte å finne det ut på, og det er å lese dem. Novellene hans er forresten også gode.

    SvarSlett
    Svar
    1. Les i vei! Noveller må eg sjekke ut :-)

      Slett