Søk i denne bloggen

fredag 1. januar 2016

Leserefleksjoner #1: Dei beste bøkene i 2015

I 2015 har eg lest 132 bøker. Det er ein god blanding av papir og lyd, med innslag av ebøker. Eg veksler mellom å følgje lesemåla og lese av hjertens lyst det som faller meg inn. Ingen av bøkene som eg syns var best i året som har gått er gjenlesinger, men innimellom så er det eit par av dei.

Bøkene som eg syns har vore best er ikkje best fordi dei har best språk eller tema eller noko anna definerbart. Dette er bøker som eg ikkje har klart å gløyme, og som eg hadde vansker med å leggje frå meg.

* Gro Dahle: Amerika. Tidlegare har eg kun lest barnebøker av Gro Dahle, men då denne dukka opp i forlagskatalogen vart den fort bestilt på biblioteket. Eg har god erfaring med å lese noveller som handler om same person i ulike stadier av livet, og Amerika var intet unntak. Eg beundrer måten Gro Dahle har sett seg inn i ei etterkvart ung jentes kjensleliv.

* Anthony Doerr: Alt lyset vi ikke ser. Ein mangefasettert roman om to ulike skjebner under andre verdskrig. I perioden eg las den var den med overalt, og hadde eg først satt meg ned vart eg sitjande veldig lenge.

* Helga Flatland: Vingebelastning. Flatland har tidlegare gitt ut ein trilogi om kva som skjer med eit samfunn då dei mister nokre av sine eigne. I Vingebelastning har Flatland fokusert på psykiske lidingar, og kor enkelt det kan vera å bli eit namn i psykiatriens korridorer. Denne står på lista til bokbloggerprisen 2015, og det blir spennande om den når opp til nominasjon.

* Kazuo Ishiguro: The Buried Giant. I opptakten til Man Booker Prize 2015 stod Ishiguros nyaste roman på lista over moglege nominerte. Den kom aldri til longlist, men eg angrer ikkje ein dag på at dette vart min første Ishiguro-roman. Den er annleis enn alt anna eg bruker å lese, og var eit friskt pust i min lesekvardag.

* Hans Olav Lahlum: Menneskefluene (K2 #1). I forbindelse med utgivelsen av Lahlums sjuande roman om K2 vant eg dei seks første i serien. Lahlum er ein interessant krimforfatter, og han skriver så drivande at det var veldig vanskeleg å leggje Menneskefluene frå seg.

* Maja Lunde: Bienes historie. I løpet av to dager las eg Lundes vaksendebut, og med tre ulike forteljarstemmer vart det litt besettande å lese vidare for å høyre kva som skjedde med den stemen du nettopp hadde forlatt. Denne står og på lista til bokbloggerprisen 2015.

* Irène Némirovsky: David Golder. Némirovsky er meir kjent for romanen Storm i juni, men David Golder er ein samansatt roman om ein mann som er villig til å gjera det meste for penger. Det var forfattarens debutroman og for ein debut.

* Chigozie Obioma: The Fishermen. Forfattarens debutroman, og shortlistplassering i årets Booker. Ein meget god roman om ein søskenflokk som møter mange utfordringar etter at ein gal manns ord om drap blant brørne set seg som ein demon i den eine broren.

* Edith Wharton: Ethan Frome. Den korte klassikeren på såvidt 100 sider las eg i februar, og nesten eitt år seinare kan eg framleis erindre kjenslene eg hadde då eg las den. Ethan Frome er ein klassiker utan ein lukkeleg slutt, den har kjærleik og svik, og var mi første Wharton-bok. Seinare i året høyrte eg Whartons The House of Mirth, men den klarte ikkje å oppnå det Ethan Frome gjorde.

* Hanya Yanagihara: A Little Life. Mursteinen i årets Booker, og den eg lenge trudde skulle vinne. 700+ sider om ein vennegjeng i New York som strever seg gjennom livet, og der limet i gjengen prøver å gjere sitt beste for å gløyme kva han har opplevd tidlegare i livet. Der andre har grått sine modige tårer har eg hatt god lyst til å kyle boka i veggen. Noko av det sterkaste eg har lest på årevis.

Har du nokre favoritter frå 2015? Har me nokon felles favoritter?

XOXO

16 kommentarer:

  1. Godt nyttår Elida! 132 bøker, da har du litt å velge i! Vingebelatning og Bienes historie er vel de to jeg vil holde en knapp på av "dine" bøker.

    SvarSlett
  2. Godt nyttår, Elida! :-) Har lest de tre øverste av "dine" og de nådde høyt opp hos meg alle tre, så har jeg lest "The fishermen". Du har lest 2 bøker mer enn meg i løpet av året, så ganske likt. Ellers har jeg et par andre favoritter blant de bøkene jeg leste i 2015, La kloden spinne, Stjernens time, for å nevne noen. Blir spennende å se hvilke av de norske bøkene som kommer på BBP- listen, og om noen av de jeg holder som favoritt når helt opp.

    Beathe

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, og i like måte Beathe! Håper du legger igjen spor her sjølv om du ikkje blogger. Eg kan tenke meg at La kloden spinne er bra, den må eg få lest i 2016.

      Slett
    2. Det skal jeg gjøre, og jeg må si jeg savner det veldig allerede, så mulig jeg kommer til å lage meg en privat blogg og heller bare invitere noen lesere til den i stedet for kun å skrive for meg selv i word. Men uansett så blir det en laaaang pause først. Tror du kommer til å like La kloden spinne!

      Beathe

      Slett
    3. Uansett korleis du blogger, eg er førstemann til å lese :-)

      Slett
  3. Godt nytt år Elida. Jeg er enig med Tine ang favoritter blant dine her. (må også si at jeg ikke har lest de andre..)

    SvarSlett
  4. 132 bøker må være godkjent:-D. Spennende og variert topp 10 liste. Jeg fikk David Golder til jul, og det passer bra til et av målene mine for 2016.
    God nyttår, Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår til deg, Silje! 132 bøker er meget godkjent. Lista er satt litt høgare for 2016, så det blir spennande :-)

      Slett
  5. Godt nytt år Elida :) Så mange bøker du har lest, men jeg har ikke lest noen av de 132 du har øverst på lista :) Jeg gleder meg til å følge deg neste år også :)

    SvarSlett
  6. Kjære Elida, jeg glemte helt å si tusen takk for julekortet! Så koselig, det er ikke så mange som sender julekort i posten lenger :-)

    132 bøker på ett år kan jeg bare drømme om å få til. Jeg er alltid fornøyd hvis jeg runder 50. Jeg har ikke lest noen av de du trekker frem her, men skal lese de norske hvis de kommer på kortlisten. Og Ethan Frome ble straks en mer interessant 1001-kandidat. Bra tips! Ønsker deg et godt nytt leseår, Elida :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare jillt, Line!

      Ethan Frome er defintivt ei bok du må lese, Stine/Haruhi har lest den nyleg og vart positivt overraska over at den var så mørk. Dessuten er den på knappe 100 sider ;-)

      Slett