Søk i denne bloggen

lørdag 20. februar 2016

Bok: "George's Marvellous Medicine"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1981
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 1t35min31sek, lest av Derek Jacobi
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

George's Marvellous Medicine handler om åtteåringen George Kranky som har fått i oppdrag å passe bestemora si medan mora er ute og handler ein formiddag. George er ikkje ukjent med spillopper og hyss (som Emil ville kalt det), og lurer fælt på kva han skal finne på. Bestemora er eit mistenksomt og litt slemt menneske, og George har fått streng beskjed om at ho må ha medisinen sin på slaget elleve. Før den tid har George kokt saman ein vindundermikstur med lått og løye han har funnet både i huset og garasjen. Resultatet av miksturen blir at bestemora veks opp i stokk, og til slutt når ho skyene. Då foreldra kjem heim blir mora forferda, medan faren vil gi miksturen til dyra sine for at dei skal vekse og gi ekstremt gode avkastninger. Men så var spørsmålet: Kva hadde han eigentleg i miksturen?

Eg ler høgt fleire gonger under denne opplesinga, og syns George er utroleg smart for sin alder. Det er ikkje mange åtteåringer som frivillig ønskjer å ta hemn på si bestemor, men denne bestemora trur eg er verd det. Som i The Witches er det innslag av mystikk sidan bestemora truer fleire gonger med at ho har fleire overnaturlege krefter. Roald Dahl var ein meister i å kome opp med underhaldande handling, og eg gler meg til å høyre og skrive meir om bøkene hans.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg digger Roald Dahl prosjektet ditt, og håper på å få øynene opp for en bok jeg ikke har lest. Kopierte det fine bildet du la ut på fb i dag, håper det er greit jeg bruker det når jeg skal blogge om min valgte Roald Dahl bok? Ønsker deg en fin lørdag, selv leser jeg Vintereventyret, som en del av mitt prosjekt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lånt det hjå Gyldendal så det er opp til deg :-) Eg har lest svært lite Roald Dahl tidlegare så eg storkoser meg, problemet er at det går mykje kjappere å høyre enn å skrive etterpå ;-)

      Fine lørdag til deg og!

      Slett