Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1988
Min utgåve: 2014
Format: Lånt lydbok frå Storytel, lest av Kate Winslet, 4t18min30sek
Forlag: Puffin Books
Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.
Matilda er ei av dei mest kjente Roald Dahl-bøkene, og er den eg har sterkast forhold til. Matilda Wormwood er ei jente som i boka veks frå nyfødd til ca 6 år. Ho bur i lag med foreldra sine og storebroren Michael. Faren er bilforhandlar og mora bruker all si tid i bingohaller. Matilda blir tidleg overlatt til seg sjølv, og finner ut at ho kan lese veldig tidleg. Etter å ha pløya gjennom alle bladene i huset samt ei kokebok spør ho faren om å få ei bok. Faren blir sint og lurer på kva som er galt med å sjå på TV som han og resten av familien elsker. På eiga hand finner Matilda ut kor det lokale biblioteket er, og så snart resten av familien er ute av huset om morgonen går Matilda dei lange kilometerne til biblioteket. Her møter Matilda den snille bibliotekaren, og Matilda stiger i lesegradene frå barnebøkene til Dickens og Kipling. Matildas foreldre verdsetter ikkje hennar vitebegjær, og de topper seg då faren øydeleggjer ei av bibliotekbøkene ho har lånt. Matilda finner ut måter å ta igjen for ting faren seier eller gjer, og gøymer ein papegøye i peisen, bleiker farens hår og limer hatten hans til hovudet med superlim.
Då Matilda byrjer på skulen treffer ho ei jente ved namnet Lavender, skulefrøkna Jennifer Honey og rektoren Miss Trunchbull. Rektoren styrer skulen med jernhand og forbudte avstraffingsmetoder, men det er ingen som tør å seie imot. Matilda får etterkvart høyre historien til Miss Honey, og blir sjokkert då ho ser korleis ho lever utanfor skulen. Matilda bruker telekinesis og velter eit glass med vatn over Miss Trunchbull og slaget er i gang.
Eg har sett filmatiseringa av Matilda fleire gonger, og syns den er fantastisk herleg. Eg er glad for at det er lenge sidan eg har sett den for boka er litt betre og meir realistisk. Det er lettare å tru på Matildas telekinesis i klasserommet med eit kritt enn i filmen der Matilda sitter utanfor huset til Miss Trunchbull og leiker med det meste av møbler og lamper for å skremme Miss Trunchbull. Matilda er på trass av sin unge alder meget sterk og trur i sitt stille sinn at verda er ikkje slik foreldra vil ha det til, men det er sårt å høyre korleis ho blir behandla av foreldra. Fleire gonger vart eg sint på hennar vegne då det er ingen som har eit ønske om å forstå ho. Slutten på boka er optimistisk og livet til Matilda blir meget bra til slutt. Varmt anbefalt!
XOXO
Få gjerne med deg Tines anmeldelse.
Jeg har kun sett filmen om Matilda og den har jeg sett flere ganger. Men ikke lest boken ennå, kanskje en vakker dag? Det skal bli kjekt å følge prosjektet ditt, Elida! :-)
SvarSlettSå kjekt, Beathe!
SlettJeg hiver meg gjerne på dette prosjektet, skal snope meg en Roald Dahl bok når jeg er i England neset måned :)
SvarSlettSå gøy!
Slett