Søk i denne bloggen

lørdag 6. februar 2016

Roald Dahl 1916-1990

Roald Dahl.
Frå Goodreads
I 2016 ville den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl fylt 100 år. Den opplysninga har ligget i bakhovudet mitt ei tid, og då eg ein kveld var på jakt etter ei grei lydbok å lytte til medan eg sovna søkte eg etter Roald Dahl. Storytel har ein mengde med lydbøker med flotte omslag frå Puffin Books og ulike opplesere, og eg vel å skulde på dei sidan eg plutseleg har fått eit nytt prosjekt i tillegg til alt det andre.

Lydbøker er for meg noko å lytte til medan eg gjer andre ting som å skrive blogginnlegg, vaske og rydde, sykle til jobb og som sovemedisin. Det er få Roald Dahl-bøker eg har eit forhold til, men det skal endras på i nær framtid. Anmeldelser kjem etterkvart, eg har snart høyrt to av dei mest kjente: Matilda og Charlie and the Chocolate Factory.

Gler meg til fleire Roald Dahl-bøker.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Og jeg gleder meg til å følge deg!
    Jeg elsket bøkene til Roald Dahl som barn, og nå liker jeg å lese høyt fra dem for elevene mine. (Og vi hører på lydbok).

    SvarSlett