Søk i denne bloggen

onsdag 10. februar 2016

Bok: "The Witches"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1983
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 4t28min44sek, lest av Miranda Richardson
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit nytt prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang lytte meg gjennom Storytel og barnebøkene.

The Witches handler om ein gut og hans bestemor, og deira møte med The Grand High Witch of All the World. Guten er historiens forteljar, og det blir aldri nemnt kva som er hans namn. Då foreldra hans døyr i ei bilulukke hamner guten hjå si elska bestemor. Guten veit lite om kva bestemora har gjort i sitt liv, og ein kveld fortel ho om heksene. Det blir lagt vekt på at dette er ikkje eit eventyr, men ekte hekser, og bestemora som er norsk kan svært mykje om hekser. Ho var med i eit hemmeleg forbund som skulle utrydde hekser, men kom aldri så langt som til The Grand High Witch. Bestemora fortel korleis han skal kjenne igjen ei heks, og det kjem godt med då han ein sein ettermiddag er åleine i trehuset og ei heks tilbyr han ein slange. Sommarferien nærmar seg, og guten og bestemor planlegger ein tur til bestemors barndomsidyll, Arendal. Ein dag blir bestemor veldig sjuk med lungebetennelse, og då ho kjem seg på beina igjen må Noregsferien avlysas etter ordre frå legen. Løysinga blir eit luksushotell i Bournemouth, og med på reisa er gutens to kvite mus.

I Bournemouth får dei flotte hotellrom, men leiinga ved hotellet er ikkje så begeistra for kvite mus som er utanfor buret sitt. Guten går på jakt etter eit ledig rom eller sal han kan trene sirkusmusene sine i, og etter å ha gått gjennom ei rekke med ulike rom finner han ein stor ballsal. Skiltet utanfor seier at salen er reservert til årsmøtet i forbundet Royal Society for the Prevention of Cruelty to Children. Guten tenkjer at kjem dei inn medan han er der vil dei neppe lee på eit augelokk når dei får sjå han med tanke på forbundets namn. Lite veit guten kva som venter ham! Då medlemmane strøymer inn i salen, og den blir forsvarleg lukka og låst er guten glad for at han ikkje satte seg midt i salen for det er ingenting anna enn dei engelske heksenes årsmøte, og guten får som truleg den einaste ikkje-heksa i verda sjå korleis The Grand High Witch ser ut utan maske. Ting skjer deretter i raskt tempo, og det er fascinerande korleis Roald Dahl klarer å skremme meg til eit øyeblikk å tru på onde hekser.

The Witches har eg eit vagt minne om at eg har lest tidlegare, men eg har aldri sett 1990-filmen i sin heilhet då eg enkelte gonger har ein meget sart sjel. Då guten sit bak skjermbrettet midt i heksenes årsmøte og får høyre korleis heksene skal utrydde barn ... då hadde eg problem med å lytte vidare. Eg har tidlegare tenkt at lydbok er perfekt for du kan ikkje hoppe over avsnitt så lett, men eg angra då eg lytta meg gjennom The Witches. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar