Søk i denne bloggen

lørdag 9. april 2016

12 tilfeldige fakta om meg (bokutgåve)

Kjelde: Pinterest
* Eg går nesten aldri rundt og kikker i hyllene på biblioteket. I 99 % av biblioteksbesøka har eg fått ein tekstmelding og går rett til hylla for reserverte bøker.

* Eg laster ned bøker i ebokbib-appen, men det skjer sjelden at eg faktisk leser dei. Å lese på iPad får eg rett og slett ikkje til.

* Eg høyrer ofte klassikere i Storytel for det kjennes enklere å høyre tunge bøker enn å lese dei.

* Eg har fleire gonger begynt på ei bok i lydbokform for så å skifte til papir for det tar for lang tid.

* Eg liker veldig godt filmatiseringane av bøkene til Nicholas Sparks, men bøkene syns eg ikkje noko særleg om.

* Eg er ein kaféleser, men då må ikkje temaet vera for komplisert, og eg har ennå til gode å lesa Charles Dickens på kafé.

* Viss ei bok har gått ein seiersgang på norske og internasjonale blogger hender det at eg ikkje leser boka. Enten er eg redd for at hypen er for stor eller at eg slettes ikkje syns om boka slik andre gjer.

* Min komfortlesing er ofte romanser av typen Nora Roberts.

* Enkelte dager kan eg bruke meir tid på å finne ut kva eg vil lese, enn å faktisk lese.

* Eg leser meir enn eg skriver. Eg trur at bloggen hadde lidd om eg hadde skrevet om alt eg har lest.

* Når eg syns det går seint framover i ei bok, googler eg gjerne plottet for å sjekke om det blir betre etterkvart. 

* Når eg ser eller leser Hjemme hos-reportasjer enten på TV eller i magasiner undrer eg meg ofte over kor bokhyllene er. Og viss dei fins i heimen ønsker eg meg ein umiddelbar zoom-funksjon.

XOXO

1 kommentar: