Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 21. mai 2016

Bok: "Charlie and the Great Glass Elevator" (Charlie Bucket #2)

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1972
Min utgåve: 2014
Format: Lydbok frå Storytel, 3t15min11sek, lest av Douglas Hodge
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

I det øyeblikket Charlie and the Chocolate Factory er over starter eit nytt eventyr for Charlie Bucket og familien hans. Han er nå arvingen til Willy Wonka, men den ekstentriske Wonka har fleire ess i ermet. Han tar med seg heile Bucket-familien inkludert senga til dei aldrande besteforeldrene i ein flygande glassheis, og tar av mot universet. Reisen mot universet var ikkje heilt planlagt, men Willy Wonka bestemmer seg kjapt for å ta inn på det nyopna romhotellet. I det kvite hus sitter presidenten, visepresidenten og fleire medlemmer av stab og det militære og trur at glassheisen er frå planeten Mars. Det fører til mange misforståelser, komiske innslag, og ein redningsaksjon utan sidestykke. For første gong på årevis står besteforeldrene opp frå senga, kler seg i noko anna enn pysjamas, og entrer USAs presidentbolig saman med resten av familien på grunnlag av redningsaksjonen.

Charlie and the Great Glass Elevator er ein fortsettelse om Charlie Bucket som eg ikkje visste om før eg fant den hjå Storytel. Den er humoristisk og gøyal, og eg lo høgt fleire gonger. Då eg høyrte The BFG tidlegare i år undra eg meg over om den britiske dronninga har lest boka då ho har ei markant rolle. I tilfellet med Charlie Bucket undrer eg meg over om amerikanske presidenter har lest den. Ulikt Charlie and the Chocolate Factory som er filmatisert fleire gonger er det ikkje sannsynleg at denne blir filmatisert. Filmatiseringa frå 1971 skuffa Dahl veldig, og Tim Burton og Johnny Depp har annonsert at det blir ikkje  lagt film om glassheisen sjølv om elementer frå boka er med i filmen frå 2005. Anbefales!

XOXO

PS. Her vil du finne alle anmeldelsene av Roald Dahl-bøkene eg har lest.

1 kommentar:

  1. Digger Dahl-Storytel-prosjektet ditt! Jeg visste heller ikke det er en oppfølger til sjokoladefabrikken!

    SvarSlett