Søk i denne bloggen

tirsdag 24. mai 2016

Bok: "The Minpins"

Forfatter: Roald Dahl (1916-1990)
Utgitt: 1991
Min utgåve: 2014
Format: Storytel-lydbok, 46min41sek, lest av Bill Bailey
Forlag: Puffin

Den norskætta britiske forfatteren Roald Dahl ville fylt 100 år i år, og med fullt av nyutgitte lydbøker hjå Storytel har eg satt i gang eit prosjekt. Roald Dahl har skrevet både for barn og vaksne; skjønnlitteratur og sakprosa. Eg vil i første omgang høyre meg gjennom Storytel og barnebøkene.

Vesle Billy er superlei av å vere snill og god når han er i hagen og leiker. Mora hans er eit påpasseleg menneske, og når han er ute roper ho ofte ut kva han gjer. Billy må for all del ikkje bli skitten eller skada, og dette er Billy kjempelei av. Det han aller helst har lyst til er å utforske skogen i nærleiken av huset sitt, men ei lokal regle setter ein stopper for det. Mora dikter opp skumle dyr som bur i skogen, men ein dag snakker sjølvaste djevelen i hodet hans (det er i alle fall det han innbiller seg) og Billy hopper over gjerdet og inn i skogen. Nå starter eit eventyr for Billy, men han klarer framleis å kome heim tidsnok til at mora ikkje blir for bekymra.

The Minpins er ei kort historie og med rare namn som eg humrer meg over. Dette er det ekte Dahl-stil over, og eg nikoste meg kvart minutt. Anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar