Søk i denne bloggen

lørdag 28. mai 2016

Bok: "Dei som flyktar og dei som blir" (Napoli #3)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia di chi fugge e di chi resta, frå italiensk ved Kristin Sørsdal
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 501 sider
Forlag: Samlaget

Den italienske forfattaren Elena Ferrante er framleis eit mysterium i bokverda, og eg undrer meg om ho hadde tatt steget ut viss ho hadde vunnet den internasjonale Booker-prisen. Den fjerde boka, Historia om det tapte barnet, kjem på norsk til hausten. Eg hadde den heime frå biblioteket før vinnaren av nemnte Booker-pris vart annonsert, men for mange bøker og for liten tid gjorde at den vart levert tilbake ulest.

I Dei som flyktar og dei som blir går me direkte frå hendingane i førre bok. Elena giftar seg med ein akademikar, blir mor og husmor i Firenze, men er ikkje fornøgd med livet. Lila kjempar for å overleve som fabrikkarbeidar samtidig som ho skal vere mor, og tar ivrig del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår. Begge to har med nebb og klør forsøkt å sleppe unna barndommens slit, men er fortida i ferd med å innhente dei? Mellom familiane og generasjonane i Napoli ulmar gammalt nag og uvennskap, og til tider er det vanskeleg å halde rede på kven som er kven. Då er det greit at det er karakterliste i starten av boka. Boka er såpass fylt av handling at eg vil ikkje avsløre for mykje, men Elena Ferrante er verkeleg god på skildringar og kvinnene held ofte på tradisjonar dei eigentleg har avfeid som gammaldags.

Romanen er spennande og interessant, og det er fleire hendingar som eg både smiler over og som irriterer meg. Samtidig undrer eg meg over om eg hadde lest disse bøkene om dei hadde vore på bokmål. Er det min kjærleik til nynorsk som gjer at eg kaster meg over Napoli-bøkene, eller er det genuin interesse? Dei som flyktar og dei som blir er tredjeboka, og eg kjem til å lese den siste, men eg har mine tvil om at dette blir verkeleg stor litteraturglede for meg. Anbefales likevel!

XOXO

PS. Tine har skrevet HER!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar