Søk i denne bloggen

Laster inn...

søndag 1. mai 2016

1001-sirkel: "Optimistens datter"

Forfatter: Eudora Welty (1909-2001)
Utgitt: 1972
Min utgåve: 1994
Format: Innbundet papir, 172 sider
Forlag: Aventura (nå Cappelen Damm)

Den amerikanske forfatteren Eudora Welty skreiv romaner og noveller frå Amerikas sørstater. Ho har mottatt fleire prisar blant anna Pulitzerprisen for Optimistens datter i 1973. Då kategorien for Lines lesesirkel i april var ein kvinneleg forfatter du aldri har lest noko av eller veit lite om, starta eg i eine enden av alfabetet på biblioteket og fant Eudora Welty. Fascinert av namnet vart den med heim!

Laurel McKelva er på veg inn på legekontoret saman med sin aldrande far og hans yngre kone. Det er fleire år sidan Laurel har vore i heimbyen, og heller ikkje nå blir det slik det burde ha vore. Faren gifta seg brått og brutalt ti år etter Laurels mors død med Fay som er yngre enn Laurel, og Fay er ikkje anna enn frykteleg sjølvopptatt. Då det viser seg at dommer McKelva må gjennom ein operasjon og blir tvungen til å liggje stille i dagevis etter operasjonen blir Fay sur og lurer på kvifor dette har skjedd ho. Laurel tar det med knusande ro, og kvinnene blir samde om å dele på våkinga. Etter eit par veker finner Laurel seg sjølv åleine i barndomsheimen, og må ta eit oppgjer med fortida, nåtida og framtida si. Å forsone seg med minnene om foreldra og erkjenne at ho har overlevd alle ho har elska er ikkje lett, men naudsynt.


Det første eg tenkte då eg las denne boka førre laurdag var at den minner om Marilynne Robinsons trilogi om Lila som eg høyrte i fjor. Optimistens datter handler om minner - minner om foreldra, om barndommen og om ein elska ektemann som ikkje kom heim frå krigen. Laurel må lære seg å leve med både gode minner og øydelagde minner då stemora har hatt liten og ingen respekt for ting i barndomsheimen til Laurel. Romanen er kort i sidetal, men den sitter framleis i meg, og det er ikkje utenkeleg at den blir lest fleire gonger. Stemninga var til å ta og kjenne på, og ga meg ei kjensle av fred og ro når eg las. Anbefales!

XOXO

6 kommentarer:

  1. Minner om Gileadtriologien sier du? Notert!

    SvarSlett
  2. Har aldri hørt om henne. Flere helt ukjente forfattere for meg i aprilrunden. Interessant.

    SvarSlett
    Svar
    1. Håper du plukker denne opp, fortener fleire lesere!

      Slett
  3. Jeg husker at jeg leste en av Weltys noveller da jeg studerte, men husker så lite av den (var det noe med et postkontor?) at jeg regner henne som ukjent likevel. Et godt tips, både denne og Gilead-bøkene som jeg har kjøpt men ikke lest.

    SvarSlett
    Svar
    1. Håper du plukker den opp, fortener fleire lesere! Noveller av Welty? Dei må eg finne :-)

      Slett