Søk i denne bloggen

tirsdag 28. juni 2016

1001 bøker/Booker-vinner 2000: "Den blinde morderen"

Forfatter: Margaret Atwood (f. 1939)
Originaltittel: The Blind Assassin, oversatt av Inger Gjelsvik
Utgitt: 2000
Min utgåve: 2004
Format: Heftet frå bokhylla, 628 sider
Forlag: Aschehoug

Den canadiske forfattaren Margaret Atwood har skrevet eit titalls romaner og noveller sidan debuten med The Edible Woman i 1969. Atwood har mottatt fleire høgthengande litteraturpriser i karrieren, blant anna Booker-prisen i 2000, og plass på shortlist for same pris i 1986, 1989, 1996 og 2003. Atwood blir ofte nemnt i forbindelse med Nobel-prisen, og håpet mitt er at det blir hennar tur ganske snart. Den blinde morderen er mi tredje Atwood-bok, men det blir neppe den siste.

I Den blinde morderen blir me kjent med Iris Griffen. Ho er i 80-åra, sjuk, einsam og fattig, men på ingen måte utan viljestyrke. I løpet av over 600 sider fortel Iris om sitt og lillesøstra Lauras liv i Ontario, Canada på 30- og 40-talet. Historien fortel om kjærleik og oppbrot, ekteskap, forelskelse, ein velståande heim og familiesagaen. Vevd inn i historien kjem Lauras roman, "Den blinde morderen". Romanen forårsaka sjokk i si samtid, og trådane frå den kan på ekte Atwood-vis trekkas til Iris' beretning. Livet har på ingen måte vore ein dans på roser for Iris, men ho er ikkje klar til å legge inn årene før ho har skrevet sin eigen familiehistorie. Kanskje kjem barnebarnet heim ein dag og les det ho har skrevet. Muligens vil det lette trykket som førte Sabrina ut i den store verda. Iris har håp!


Den blinde morderen tok eg med heim frå bokbordet frå forrige bokbloggtreff, og den har blitt liggande. Eg har eit mål for øyeblikket om å lese meir frå bokhylla, og så langt fungerer det. Boka starta stille og forsiktig, og var det eg trengte akkurat då. Sengelektyren var satt, men så skjedde det ein masse ting i boka, og eg klarte ikkje å legge den frå meg. Sidene føyk avgarde, og eg som vanlegvis les i fleire papirbøker om gongen leste kun denne. Iris Griffen er ei skjønn dame som muligens burde vore på ein aldersheim med dei matvanane, men med Myra i nabolaget er det ingen fare. Familiehistorien hennar er intrikat og på grensa til forsømmelse, og minner ikkje reint lite om Diane Setterfields The Thirteenth Tale.


I oppveksten var søstrene Iris og Laura godt beskytta, muligens ein anelse for mykje, og det ligger mykje mellom linjene i historien. Slutten er på sin måte sjokkerande, men i ekte Atwood-ånd. Den blinde morderen har fått fram mange ulike sinnsstemninger i meg, og eg forstår veldig godt kvifor Margaret Atwood mottok Booker-prisen i 2000. Dei siste åra har eg lest meir og meir på originalspråket, men når eg hadde den norske oversettelsen så las eg den. Eit par gonger har eg stussa over ordvalget til oversettaren, men alt i alt bra jobba. Varmt anbefalt!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Denne har jeg også stående i bokhylla. Bør vel få lest den snart! Hørtes veldig spennende ut!

    SvarSlett
  2. Denne likte jeg også svært godt da jeg leste den :-)

    SvarSlett