Søk i denne bloggen

Laster inn...

fredag 15. juli 2016

Bokhyllelesing #5: "Villa Ibsen. Min mormors hus. En familiekrønike"

Forfatter: Joen Bille (f. 1944)
Utgitt: 2014
Format: Heftet, 328 sider
Forlag: Dansk Gyldendal

Den danske forfatteren Joen Bille er utdanna skodespelar, vore instruktør og har vore ansatt ved Statens teaterskole i Danmark. Han har spelt teater både i Danmark og Noreg, og har ved fleire anledningar vore i Noreg og lest opp sine forfedres stykker. Villa Ibsen er skrevet på dansk, og passa perfekt inn i Heddas bokhyllelesing der temaet sist veke var å lese ei bok på svensk eller dansk.

For halvanna år sidan omtrent, i januar 2015, las eg ein artikkel i Aftenposten om ein dansk skodespelar som er etterkommar etter (hold deg fast!) Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson pluss at faren kom frå ei meget anerkjent dansk adelsfamilie. Eg er i overmåte glad i slektshistorie, og bestilte straks boka. Så langt er ikkje boka oversatt til norsk, men det er ingen hindring, det flyter glatt på dansk (faktisk betre enn svensk trur eg). Uansett, halvanna år seinare, har eg omsider lest boka.

Joen Bille har vokst opp med historier frå dei ibsenske og bjørnsonske heimar, i tillegg til den meir reserverte danske Bille-familien. Familiehistoriane er mange, men det viktigaste er at Ibsens son, Sigurd, gifta seg med Bjørnsons dotter, Karoline. Det var ein allianse som fekk nyhetsoppslag langt utover dei norske grenser, men ekteskapet haldt godt, med enkelte samanføyningar. Joen Bille fortel om oldeforeldrene Ibsen og Bjørnson, om deira respektive ekteskap, men mest av alt om Sigurd Ibsen og Karoline Bjørnson, om moras første ekteskap til ein italienar og om hennar liv etter ekteskaps-brotet. Italia godkjente ikkje skilsmisse på 30-talet, og Irene Ibsen levde praktisk talt som bigamist i sitt ekteskap med Josias Bille. Familien hadde store planer og draumer, store personligheter, gigantiske ambisjoner og tilsvarande skuffelser og nederlag. Konfliktene gjekk i store bølger, og det var både rikdom og økonomisk ruin. Bille fortel om Bjørnsons Aulestad, om Ibsens nomadeliv, om kvinnens plass i ekteskapet, og om korleis mennene i ulike generasjoner eigentleg er svært like i veremåte. Familien høyrte ikkje bare til i Noreg, men og i Sverige og Danmark, og til tider mest av alt på Villa Ibsen i Italia.

Joen Bille har skrevet ei flott bok om mennesker som eg visste litt om frå før, men bare litt. Det går an å google at Sigurd Ibsen og Karoline Bjørnson gifta seg, men med denne boka har eg fått eit mykje større innblikk og faktisk meir interesse for forfatterskapa deira. På same måte som Astrid Lindgren har Ibsen og Bjørnson brukt sine eigne liv som basis for forfatterskapen. Det erfarte Joen Bille sjølv då han i 2013 vart bedt om å spele gamle Ekdahl i Vildanden på Det Kongelige Teater.
"Det var en mærkelig følelse, da det gik opp for mig, at det var min egen tipoldefar, som jeg skulle spille. Det føltes nærmest forpligtende, men blev en stor, stor glede." (side 302)
Villa Ibsen har eg lest på originalspråket, men det var ingen problem. Eg innbiller meg at dansk er lettare å lese enn svensk, sett vekk frå korleis dei seier tal og slikt, men eg har bare høyrt svenske bøker så eg kan ikkje sei det med sikkerhet. Alt i alt er det ei meget interessant bok som eg ikkje ser vekk i frå blir lest fleire gonger, og eg blir nødt til å finne plass i bøkenes verd for Ibsen og Bjørnson. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Så spennende å lese! Det er interessant å lese om mennesker i bøker, selv om man kan google dem. Likevel, det blir ikke helt det samme :)

    SvarSlett