Søk i denne bloggen

mandag 25. juli 2016

Sommerferie 2016 #2

Tre veker med sommerferie er over, og helga vart stort sett brukt på terrassen i strålande sol. Lesemaratonet #24in48 vart behørig dokumentert og det var interessant å sjå kor mange timer det faktisk går an å bruke på å lese bøker. 


Sist måndag satte eg, mor og tante oss på bussen frå Stavanger til Bergen. Strålande sol måndag, øs pøs regnvær tysdag, strålande sol onsdag og opphald torsdag då me tok bussen heim igjen. Før turen hadde eg eit par butikker og ting eg ville sjå, og på Instagram ligger det bilete frå statuejakt (Varg Veum vart besøkt) og utsikt frå 9. etasje på Scandic Ørnen. Bokhandlere er eit must i alle byer, men eg hadde ikkje forventa ein så flott bokhandel som Norli Galleriet. Mitt reisefølge kjenner meg såpass godt at der fekk eg fred til å kikke på eiga hand, for etter hotellfrokost så hopper eg glatt over lunsj for ein bokhandel!

Eg slår nok ein gong eit slag for handlekorger i bokhandel, for mine armer vart ganske lange etterkvart. Bøkene er både frå mi mentale ønskeliste og frå eit særdeles godt utval i fleire kategorier. Haugen kunne glatt blitt større hadde kofferten og bankkontoen vore større ;-)

Eg kan ikkje garantere at bøkene blir lest med det første for på onsdag kjem langlista til Booker-prisen og då kaster eg alt eg held på med, og setter tennene i dei nominerte bøkene. Kvardagen innhenter meg 1. august så kanskje eg må lese natt og dag fram til den dagen.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Eg dro akkurat då sola kom, er ikkje det typisk? Usikker på om det var heilt tilfeldig. Kjekt med framande bokhandlar :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje ta det personleg, Signe. Var nok ein tilfeldighet;-) Håper dog på opphaldsver framover.

      Slett