Søk i denne bloggen

søndag 25. september 2016

Når leselysten svikter...

Eg er av typen som leser 12-15 bøker i løpet av ein månad, som leser foran fjernsynet og leser framfor å sove. I vår har eg lest veldig mykje, i juni og juli las eg nærmare 30 bøker, men då kvardagen tikka inn 1. august sa det stopp!

Eg hadde lest nokre middelmådige (etter mitt syn) Booker-nominerte bøker og eg har kome fram til at dei er noko av årsaken til sviktande leselyst. Saman med ein travel kvardag etter fire veker sommarferie og nå flytting har ikkje kroppen ro og hovudet plass til for kompliserte bøker.

I løpet av dei neste vekene skal eg flytte. Ikkje så langt, men i sjølveigd leilighet i andre etasje, ca 6 km frå her eg bur nå. Eg gler meg veldig, men det betyr og at eg må pakke med meg tinga mine og kjøpe litt nytt. Eg hater å pakke, eg er ikkje noko flink til det og kunne fint ha ansatt nokon til å gjere det for meg. Samtidig så er det ein måte å få rydda på og sjå over det ein har. Kort sagt så er det ein del som ikkje skal med. Det eg priser meg mest over er at eg flytter frå mine foreldres hus til mitt eige, og har derfor ingen eksakt frist på når eg må vera ute, og at om det er ting eg vil ta vare på, men ikkje har plass til så kan det stå igjen.

Lydbøker er redninga i denne perioden, og sjølv om det går tregere, så er det lenge sidan eg har fokusert slik på War and Peace som denne helga. Det er ein fryd å høyre denne boka med Neville Jason som innleser, bare så det er sagt! Eg har lest eit par bøker i det siste, men ingenting som eg kjenner eg må blogge om. Det kjem etterkvart, og sjølvsagt kjem månadsoppdateringa om ei vekes tid, så hang in there!

XOXO

11 kommentarer:

  1. Så stas med ny leilighet :) Å flytte er eit mas, men nå som du har kjøpt veit du at det er ei stund til neste gong. Skal du nord- eller sørover?

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Eg skal til Kleppekrossen, så det blir sørover :-) Det blir lenge til neste flytting for å sei det slik.

    SvarSlett
  3. Du har lest like mye i juni og juli som jeg har gjort hele året til nå. Så joda, det kunne vært verre.

    Gratulerer med egen leilighet! Deilig, deilig, deilig! :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer med ny leilegheit! Eg har det likedan, bortsett frå at det er blogginga det gjeld. Eg greier knapt å blogge lenger, og no har det vart leenge. Heldigvis har eg Instagram å "uttrykkje" meg med. Eg tar med tipset om War and Peace på lydbok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Blogginga har eg ingen problemer med, anna enn at det blir lite å skrive om når eg ikkje har lest ;-)

      Slett
  5. Gratulerer så mye, Elida! Jeg antar at du har fått deg en leilighet med plass til ... hehe, bøkene dine ;-) Flytting er en overgangsperiode. Plutselig er du tilbake i god, gammel leseflyt igjen. Verste du gjør er å tvangslese (selv om Ingalill hadde satt stor pris på det ;-) Ikke stress med flyttingen, lev i eskene noen uker, ta livet som det kommer, og litt rot skader ingen. (Sier jeg, som akkurat nå nettopp kasta "litt" gamle klær til ungene i størrelse 12 år. De er nå 20 og 22... 8)

    SvarSlett
    Svar
    1. Plass til bøkene har eg, muligens må fleire bokhyller tas med ;-) Eg har snille foreldre som tar med seg esker og styr etterkvart så det er lite rot å spore opp ei veke etter flytting.

      Gamle klede i str 12 til 20-åringer? Det er eg redd det ikkje fins i foreldra mine sitt hus.

      Slett
  6. Der fekk eg svar på spørsmålet i forrige kommentar. Mi erfaring er at leselysta alltid kjem tilbake, sjølv om livet kjem litt i vegen innimellom. Lykke til med flytting.

    SvarSlett
    Svar
    1. Leselysta er på veg tilbake, men eg merker det skal ikkje mange sidene av ei bok før eg merker det ikkje fenger. Må finne dei riktige bøkene framover.

      Slett
    2. Feil bøker kan vere drepande på leselysta, ja. Einig i det. I år har eg ikkje kasta meg over bokhausten, men dei åra eg har gjort det, har eg blitt litt lei å lese middelmådige nye norske bøker i løpet av hausten.

      Slett