Søk i denne bloggen

søndag 16. oktober 2016

1001-lesesirkel: "War and Peace"

Forfatter: Leo Tolstoy (1828-1910)
Originaltittel: Война и миръ, oversatt av Anthony Briggs
Utgitt: 1869
Min utgåve: 2006
Format: Heftet frå bokhylla, 1399 sider
Forlag: Penguin
Anna: Eg har brukt papirutgåva kun for å finne ut kor langt eg hadde kome, og har lytta meg gjennom boka via Storytel. Eg har høyrt Neville Jason sin stemme gjennom del 1 (30t20min1sek) og del 2 (31t24min53sek)

Den russiske forfatteren Leo Tolstoy har skrevet berømte bøker som War and Peace og Anna Karenina, og blir lest den dag i dag. Eg har i tillegg til War and Peace lest Anna Karenina, The Death of Ivan Ilych og The Kreutzer Sonata.

Handlinga i War and Peace går føre seg under Napoleonskrigen i Russland på 1800-talet, og fletter inn fem prominente familier som på kvar sin måte deltar i krigen. Franskmennene invaderer Russland, og dei tre unge menneskene, Pierre Bezúkhov, Andréy Bolkónsky og Natásha Rostóv må finne sin veg gjennom urolighetene. Dei er alle medlemmer av Moskva og St. Petersburgs sosietet, og kjenner kvarandre godt. Den eldre generasjonen har sine verdiar som dei ønsker å videreføre til sine unge og håpefulle, medan sistnemnte er i sentrum for ei rekke kjærleiksintriger. War and Peace er ein lang og kompleks roman med ei lang rekke karakterer og når samtlige har fleire namn (typisk russisk) må ein halde tunga beint i munnen for å følge med.


I januar dette året vart det annonsert at ei ny filmatisering var på veg til fjernsynet. Ei tid før dette bestilte eg meg ein flunkande ny oversettelse av Tolstoys berømte verk og starta friskt. Etterkvart gjekk eg lei av TV-serien (halvanna episode seinare) og boka vart liggjande brakk. Storytel vart nok ein gong redninga, og 60t seinare var eg i mål. Spørsmålet eg har stilt meg i nærmare 2 veker er: Korleis skrive om ein roman alle har lest? Korleis rettferdiggjere dette verket? Sannheten er at eg koste meg ikkje på langt nær like mykje med War and Peace som eg gjorde med Anna Karenina. Eg meiner framleis fire år etter eg las sistnemnte at den er ikkje tung å lese i det heile tatt. War and Peace derimot var ein del tyngre. Eg tviler på at eg hadde komt gjennom utan lydboka!

Eg kan ikkje i dag sitere noko særleg frå romanen, og kan slettes ikkje huske alle detaljer, men eg kan råmaterialet og eg kan med handa på hjartet seie at eg har lest War and Peace. Kryss i taket har eg og fått! I Lines lesesirkel for oktober er kategorien filmatisert roman. War and Peace er filmatisert fleire gonger, og eg har prøvd meg på ikkje mindre enn 4 (!) stk. Ingen av dei ga kryss i taket, men det var interessant å sjå ulikhetene med tanke på skodespelarar, regissører og årstal. Når filmane vart lagd i 1956 (med Audrep Hepburn som Natásha), 1972 (med Anthony Hopkins som Pierre), 2007 og 2016 så er det mange ulikheter. Eg skal ikkje gå innpå dei, men det seier seg sjølv at kvaliteten blir betre etterkvart.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Åå, søren! Eg har ikkje lese denne og tvilar på det blir. 60 timar med lydbok! Eg må i så fall setje på kvar kveld når eg legg meg. Men Anna Karenina må eg greie. Eg har lese pinleg få klassikarar. Gratulerer med nok ei bok kryssa av på lista, du er heilt rå (og no tenkjer eg også på den imponerande kunnskapen din ved quizen).

    SvarSlett
  2. Gratulerer med gjennomført storverk. Eg kjenner at Krig og fred er det 1001-krysset eg er mest stolt av å ha, sjølv. Ikkje det at ikkje det er mange gode bøker, men det er ei bok som er verdt den jobben det er å komme seg gjennom ho. Og takk for lenke!

    SvarSlett