Søk i denne bloggen

Laster inn...

lørdag 8. oktober 2016

Nobelprisen i litteratur 2016 #1


Kjelde: Bok365-artikkelen (Pax)
Torsdag 13. oktober blir den mest interessante Nobel-prisen delt ut. Eg snakker sjølvsagt om Nobelprisen i litteratur. Eg har eit hårete mål om å lese fleire Nobel-forfattere, og med SolumBokvennens oktober-boks er eg eit skritt i riktig retning då den hadde Nobel-tema.

Tysdag denne veka skreiv Bok365 (ekstern lenke) om kandidater til prisen, og høgast på Unibets (ekstern lenke) liste ligger japanske Haruki Murakami, etterfulgt av den syriske poeten Adonis. Jon Fosse er som regel alltid høgt på lista, og med ein niande plass for øyeblikket så er håpet tilstede. Noreg har ikkje hatt ein Nobel-vinnar sidan Sigrid Undset i 1928 så det er på tide med ein nordmann. Av kvinnene er Joyce Carol Oates høgt oppe, men med kvinneleg mottaker i fjor ser det mørkt ut for kvinnesida. Mirakler kan dog skje!

Torsdag blir uansett ein spennande dag!

XOXO

4 kommentarer:

  1. Såg den fine bokboksen du og andre hadde mottatt fra Solum, jeg vurderer å abonnere men foreløpig må jeg se det litt an. Jeg hadde faktisk begge bøkene dere fikk denne måneden så kanskje like greit at det ikke ble noe kjøp på meg denne måneden.
    Blir spennende å se hvem som stikker av med prisen, jeg har lest et par bøker av Murakami og de har jeg likt, og har to stykker liggende klar som jeg tenkte å lese ganske snart om han vinner.
    Har 2-3 bøker av Joyce Carol Oates også så det blir lesing av hennes bøker om det er hun som skulle stikke av med den gjeve prisen.
    Det er bare å vente i spenning noen dager til! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du har begge bøkene er det like greit å la vere, eg har ennå ikkje hatt nokre av bøkene dei to gongene eg har fått boksen.

      Eg har prøvd meg på Kafka på stranden, men det var ikkje vellykka. Vinner Murakami prøver eg ein gong til. Eg har og eit par bøker av Oates liggande, men tviler på at det blir ei kvinne to år på rad, og så kort tid etter canadiske Alice Munro.

      Slett
  2. Murakami! <3 Eg har heia på han i fleire år. Men i det siste synest eg Svenska Akademien har overraska såpass mykje at det ikkje går an å gjette eller meine så mykje.

    SvarSlett
    Svar
    1. Svenska Akademien har overraska dei siste åra, det er heilt sant. Modiano for to år sidan var det vel ingen som såg ;-)

      Slett