Søk i denne bloggen

Laster inn...

torsdag 29. desember 2016

Å lese bøker meint for barn

I 2015 las eg Tove Janssons Mummitroll-bøker, dette året har eg lest Roald Dahls barnebøker, og spørsmålet har meldt seg: Skal eg sette i gang med eit barnebokprosjekt i 2017 og?

Kandidatane er mange, men det melder seg grenser. Harry Potter og Narnia er opplagt, men det er og bøker eg har lest fleire gonger og kan nesten utanat. Det må vera noko som eg kan litt om, men ikkje alt. Noko som eg kan kose meg med dei dagane ingenting anna frister. Dei bøkene som eg spretter ned på biblioteket og henter annakvar dag for det går så kjapt å lese. Den forfattaren som har 20 ulike figurer, og som den dag i dag fascinerer ein hærskare av barn over heile verda.

Har du gjetta kven det er?

Ein skal ikkje ta lett på å lese bøker meint for barn. Ein ting er å lese biletbok etter biletbok for barna mine på jobb. I bokkassen er det bøker eg har valgt fordi dei betyr noko for meg, det er bøker basert på populærkultur som Elias og Kaptein Sabeltann, det er bøker som i underbevisstheten vil lære dei noko, og det er traktorblader i fleng (takka vere min far og lillebror som meir enn gjerne forsyner mine 3- og 4-åringer med blader). "Mine" barn er ikkje målgruppa for bøkene eg tenkjer å lese i 2017. I alle fall ikkje i formatet mykje tekst og lite bilete. Heldigvis fins det mange biletbøker basert på universet til forfattaren, men unntak melder seg. Seinast sist veke sat eg med ein 3-åring på fanget og las om den eine figuren til forfattaren, og det skal ikkje stikkas under ein stol at dette er yndlingsaktiviteten til 3-åringen. Ikkje nødvendigvis boklesinga (sjølv om det er viktig), men nærheten til den vaksne.

Eg har tenkt på Anne-Cath. Vestly, men det er ikkje så altfor mange år sidan eg leste bøkene hennar, og dei passer faktisk best på lydbok. Storytel har ein heil del så ein skal aldri si aldri. Kanskje dukker ho og opp i 2017.

Fleire av bøkene til forfattaren har eg lest fleire gonger. Det er scener eg kan spele ut i mitt hode etter utallige timar framføre filmatiseringa, men det er og figurar eg ikkje kjenner, og scener som er heilt ukjente. Før jul las eg ei bok der julescener frå bøkene var samla i ei bok og eg gjorde ein sjokkerande opplevelse. Eg har lest om figuren mange gonger, men denne scenen har eg aldri høyrt om i mitt 30-årige liv.

Eg tenkjer at når vaksne leser bøker meint for barn så må det og vera noko for vaksne i bøkene. Noko barna ikkje forstår med det første, men som gjer at dei vaksne humrer og ler. Roald Dahl har det, J.K. Rowling og C.S. Lewis har det. Anne-Cath. Vestly har sjokkert vaksne i årevis med sine figurer (ho laga endatil barnetime for vaksne fordi ho sa på barnetimen at babyer låg i magen til mora). Har forfattaren eg vil lese evnen til å skrive for barn og vaksne samtidig? Det er noko å forske på.

Så til avsløringa!

Eg har ein plan om å lese *trommevirvel* Astrid Lindgren i 2017. Det er absolutt ikkje eit originalt val, men faktum er at i min barndom las eg Pippi, Emil, Ronja (min kjære Ronja), litt Madicken, litt Bakkebygrenda og Saltkråkan. Kva skjedde med mesterdetektiven Blomkvist, Lotta, Kajsa, Rasmus, Mio og Karlsson på taket? Har det noko med popularitet å gjere, eller kva mi mor bestilte i bokklubben? Ikkje godt å seie, men 2017 blir eit bra barnebokår!

Forresten, gjetta du kven det var før eg avslørte det?

XOXO

3 kommentarer:

  1. Astrid Lindgren var et flott valg, og nei jeg gjettet det ikke :) Du fikk gjort mye med Roald Dahl i år, og jeg er glad for at jeg heiv meg på prosjektet ditt. Nå drukner jeg i Hamsuns bøker her, så det spørs om jeg kan slenge meg på Lindgren, men jeg følger med på det du skriver. Takk for det gamle Elida, blir kjekt å følge deg videre i 2017 :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Tine! Ein oppsummering av Roald Dahl kjem når eg får sortert tankane mine. Hamsun har eg kun lest Sult av, så eg ser fram til å følge med på prosjektet ditt. Takk for det gamle, Tine, følges i 2017 :-)

      Slett
  2. Astrid Lindgren tror jeg er et godt valg! Hennes forfatterskap er unikt og jeg storkoser meg hver gang jeg leser bøkene hennes. Blir spennende å følge lesinga di i 2017! ^^

    SvarSlett