Søk i denne bloggen

lørdag 11. februar 2017

Bøker: "Lotta fra Bråkmakergata"


Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Utgitt: 1956, 1961, 1971, 1977, 1990
Format: Innbundet, frå 32 til 82 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Lotta er ikkje eit heilt nytt bekjentskap. Då eg kikka gjennom bøkene før eg las dei er det mange teikningar som vekker gode minner, og eg er ganske sikker på at eg har lest om Lottas sykkelfadese i barndommen. I Lotta-bøkene er det storesøster Mia-Maria som er forteljaren. Lotta og Mia-Maria har ein bror som heiter Jonas, ei mor og ein far, og dei bur i Kammakergata. Far meiner at gata vart døypt om til Bråkmakergata då trioen kom til verda, og slik har den blitt heitande Bråkmakergata. I nabohuset bur fru Berg, og det smarte med gjerdet mellom husa er det at er hôl i det for Lotta kan ikkje hoppe over slik som Jonas og Mia-Maria.

I løpet av fem bøker skjer det mykje, men eg lurer på korleis historien om Lotta ville vore om det ikkje var Mia-Maria som fortalte. Til tider er det litt farga av storesøsters syn på lillesøster, til dømes kapitlet om kor barnsleg Lotta er, eller når Lotta fleire gonger må leike akkurat det som søsknene vil. Som oftast er dei gode vener alle tre, men det hender at Lotta syns søsknene er superteite. Den mest kjente historien om Lotta trur eg er då Lotta flytter frå huset sitt til loftet over fru Bergs skjul. Den natta har Lotta drømt om kor stygge Jonas og Mia-Maria har vore mot bamsen hennar, og om morgonen syns ho alle er superteite inkludert mor. Det heile ender godt, men det er veldig morsomt å lese om. Alt i alt er Lotta ein finurleg karakter, og ho finner på ganske mykje rart. Det finaste ho gjer i løpet av tida syns eg er då ho skaffer juletre til familien. Så herleg historie!

Min plan om å lese kun romanane i første omgang vart til to romanar og tre biletbøker i historien om Lotta. Det var absolutt vel verd, og fleire biletbøker blir nok lest etterkvart. Eg har ikkje så mykje negativt å seie om Lotta, men noko eg beit meg merke i er at den femte biletboka, Jo visst er Lotta en blid unge, er skrevet over ti år etter den fjerde. Det merkes på illustrasjonane. Dei er flotte, men dei er ikkje like frå dei fire andre bøkene. Likevel, varmt anbefalt!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg var veldig glad i boka hvor Lotta lærer å sykle. Hadde den ikke selv, men lånte den mange, mange ganger på biblioteket.

    Liker prosjektet ditt så godt :-) Fine bokminner!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt å høyre! Eg merker at eg har veldig mange huller i mi Astrid Lindgren-lesing, men då er det enda kjekkere å ha eit slikt prosjekt :-)

      Slett