Søk i denne bloggen

søndag 26. mars 2017

Krimfestivalen 2017

Kvardagen går i raskt tempo, og mykje har skjedd dei siste fire vekene. Eg bruker fire veker som utgangspunkt for livet vart med eit trylleslag litt mørkare, og kyrkjegarden får oftare besøk. I januar begynte eg å tenke på om økonomien strakk til eit besøk i Oslo og Krimfestivalen. Reisemåte og hotell er eit kapittel for seg, men når det var betalt var det bare å glede seg. Det gjorde umåteleg godt å komme vekk for nokre dagar, og det kunne ikkje ha passa på eit betre tidspunkt.

Torsdag 9. mars satt eg klar klokka 10 veldig underernært på søvn, men proppfull av kaffe, klar til festivalopning ved Knut Gørvell. Jørn Lier Horst, som var årets festivalforfatter, haldt prolog. Horst er ein forfatter som var ansatt i politiet i nærmare 20 år, men som for få år sidan sa opp jobben og vart forfatter på heiltid. Hans helt heiter William Wisting, og han skriver og for barn og ungdom. Eg har lest samtlige bøker både i Wisting-, Clue- og Detektivbyrå-serien, og det er ikkje rart han blir tatt imot som ei popstjerne når han er på skulebesøk (meir om det seinare). Horst snakka om at me leser krim for å forstå og for å slippe inn på stader som elles er lukka. Det er ein flukt frå virkeligheten, og me lar oss fascinere av drap sjølv om me tar avstand frå det. Jørn Lier Horst sine bøker har ikkje mange drap per bok, dei handler meir om kriminalitetens årsaker.

Knut Nærum er ein kjent mann frå TV, men han er og i styret for Rivertonprisen. Han las krimdikt og eit sitat sitter igjen: "Kriminallitteraturen forutsetter at en hel yrkesgruppe ikke kan jobben sin." Diktene kan du lese HER (ekstern lenke).

Ein tradisjon ved Krimfestivalen er at andre får si nokon velvalgte ord om festivalforfatteren. Krimforfatter Gunnar Staalesen har foretatt opptelling av Lier Horsts utgivelser og kom til 41 titler sidan debuten i 2013. Han sa videre at krimforfattere leser andre krimforfattere for å bli inspirert, og at han har Lier Horsts Clue-serie på hytta til barnebarna. Den islandske krimforfatteren Yrsa Sigurdardóttir fortalte at Jørn Lier Horst er svigermoras favoritt, og erstatter dermed ho sjølv. Anne Gaathaug i Kagge forlag har vore med på mange bokturnéer med Lier Horst, og fortalte at Lier Horst blir tatt imot som Justin Bieber når han entrer klasserom og aulaer. "Rett og slett en bra fyr" er eit sitat frå ein elev.

Så er det tid for dagens første avsløring: Kven er nominert til Rivertonprisen 2016? Tidlegare president i Rivertonklubben, Hans H. Skei, oppsummerte krimåret 2016 og med Tom Egeland i spissen kom dei nominerte inn på scenen. Torkil Damhaug, Unni Lindell, Chris Tvedt, Karin Fossum og Bjørn Olav Nordahl er nominert. Om fire dager (30. mars) blir det avslørt kven av dei fem som får Den gyldne revolver. Den andre avsløringa for dagen stod Fredrik Wandrup og Ola Heggdal for. 27 bøker vart sendt inn som forslag til kven som skulle stikke av med den nyoppretta prisen for beste oversatte kriminalroman, Gullkulen. Vinnaren vart franskmannen Michel Bussi og oversetter Thomas Lundbo. Bussi var forhindra frå å kome til Oslo, men Øyvind Hagen i Bazar (Bussis norske forlag) takka på vegne av Bussi.

Det går slag i slag på Krimfestivalen med nye arrangement kvar halvtime/45 min. Nå er klokka blitt 12 og det var tid for mestermøte mellom Jørn Lier Horst og Gunnar Staalesen. Dette hadde eg sett fram til då begge forfatterne er kunnskapsrike og gode å høyre på. Sarah Natasha Melbye ledte an, men det var ikkje mykje ho fekk sagt etterkvart. Det første dei prata om var kontakten med leserne og moglege feil i bøkene. Lier Horst avslører at han har null peiling og interesse for bil, og blir ofte arrestert av lesere for sin manglande kunnskap. I ei av bøkene sparker Line Wisting seg ut av bagasjerommet på ein Mercedes, men dette var ein leser klar på at var ikkje mogleg då den typen Mercedes vart produsert med ei heil stålplate bak. Staalesen skapte diskusjon om eit stedsnamns skrivemåte på Karmøy i si siste bok, og avsenderen var ikkje lite frekk då han ønska seg heile Staalesen-samlinga i gave som takk for at han rydda opp i skriverotet. Same forfatter har aldri brukt levande personer i bøkene, Varg Veum har få likhetstrekk med forfatteren, og bortsett frå ei lita bygd i Ryfylke i siste bok er alle stader i Bergen og Haugesund autentiske i bøkene hans. Jørn Lier Horst var lei av drikkfeldige hovudpersoner då han skapte familiemannen William Wisting, og Gunnar Staalesen humrer i stolen ved siden av. Samtalen dreide hit og dit og det var umogleg å få med seg alt. Jørn Lier Horst skriver som tidlegare nemnt for barn og unge, og Detektivbyrå-serien er illustrert av Hans Jørgen Sandnes. Lier Horst skriver dei bøkene ganske kjapt, og han meiner at Sandnes bruker nok dobbelt så lang tid på å teikne.

Nå var eg meget klar for ein pause, og forlot Cappelen Damm-huset. Lunsj og kaffe stod på planen, og etter ein god time på kafé var eg bortom hotellet for innsjekking. Neste stopp var Teaterkjeller'n der Tom Egeland har fått utvida sin fredagspils til og å heite torsdagspils med krimkometer. 6 nye ansikt innan krimverda får sine 15 minutt i rampelyset og denne ettermiddagen var det Terje Bjøranger, Eirik Husby Sæther (som strengt tatt har fire krimromaner på si liste), Jenny Rogneby (SV), Lars Mæhle, Trond Henriksen og Olav W. Rokseth. Egeland er belest og virker genuint interessert i kva dei ulike skriver om, og det er interessant å høyre på. Etterpå kom Anne Grosvold (ein av Noregs beste programledere) med Rivertonklubbens styre i hælane. Tom Egeland, Knut Faldbakken, Knut Nærum, Nils Nordberg og Else Barrat-Due skulle prate om kva dei elsker og hater ved krim. Styret var ofte enige og til tider uenige, og Faldbakken er bekymra for sjangeren då det er ein meget makaber utvikling ute og går. Den danske krimforfatteren/paret Lars Kepler er få i styret positive til, og det siste i hat-diskusjonen sa Knut Nærum som meiner at Stieg Larsson er ikkje lest av verken forfatter, redaktør eller forlag (eg har ikkje lest Larsson så eg har ingen meining). I elsk-diskusjonen kom det fram både gamle og nye bøker. Ein av årets krimdeltakere, Peter Swanson, vart omtala i rosande ordelag av Nordberg. Det same med kjente namn som Kerstin Ekland, John le Carré og Umberto Eco. Det svenske forfatterparet Sjöwall og Wahlöö blir så ofte omtalt som meget gode at eg blir nødt til å lese dei snart.

Nå var min første dag på årets krimfestival over, for det er grenser for kor lenge du kan halde ut på kaffe og pur hekkan. Tidleg kveld på hotellet gjorde at lørdagen opprant med sol!

Fredag 10. mars starta eg med Gunnar Staalesen som programleder og han hadde med seg fem nordiske krimforfattere på scenen for å diskutere kven som er best i Norden. Ein konklusjon trur eg aldri dei kom fram til, men det er interessant å høyre på dei ulike meiningane. Elles den dagen fekk eg med meg ein diskusjon om krimromaner og norsk virkelighet, og Kari Birkeland intervjua tre forfatterpar som meiner dei skriver betre i tospann enn dei ville gjort åleine. Nils Nordberg er ein interessant mann (som forøvrig er 75 år i dag!) og når hans namn står i programmet er eg førstemann til åstedet. Han hadde med seg amerikanerne Peter Swanson og John Hart, samt svenske Martin Österdahl til Tanums krimkafé. Det eg var mest spent på var om Nordberg kan snakke engelsk. Søstra mi var klar på at sjølvsagt kan han det, han oversetter jo frå engelsk. Det er imidlertid ikkje det same for uttale er og viktig. Nordberg kan snakke engelsk med god uttale, og alle var fornøgde med seansen. Nå var det tid for middag med søstra mi og som alltid velger ho Tullins café. Der har me vore mange gonger, men med riving og vegarbeid mange stader i området klarte eg å gå feil to gonger på min veg frå Akersgata til Tullinløkka. Då me gjekk ned igjen til Akersgata forstod eg kvifor eg hadde gått feil, for den vegen eg pleier å gå (forbi gamle Tronsmo) var nesten blokkert. I Teaterkjeller'n fekk me med oss OP-5-timen med Asbjørn Slettemark og Aslak Nore, og i Centralteateret intervjua Anne Grosvold ulike forfattere samt sønnen til den colombianske narkobaronen, Pablo Escobar, Juan Pablo Escobar. Under det siste intervjuet var det musestille i salen, og eg trur alle hadde godt av krimteatersport etterpå. Helen Vikstvedt, Kim Haugen og Jan-Paul Brekke lager improvisasjonsteater og det var ikkje få gonger eg vreid meg i stolen av latter.

Lørdag 11. mars starta litt seint for min del då formiddagen var via dei yngre leserne til Jørn Lier Horst. Barnekrimfestivalen var meget populær fekk eg høyra etterpå, og det viser igjen kor god Lier Horst er med sine barnekrimbøker. Den tidlegare TV2-programlederen Kari Birkeland intervjua thrillerforfattere, og Jørn Lier Horst fortalte og viste bilete frå politisaker han har etterforska og som han seinare har brukt som elementer i bøkene sine. Eg valgte å ta ein pause etter det, tok meg ein tur på Eldorado og satte meg i ro og fred i Teaterkjeller'n og las ei stund før krim-matiné med Nils Nordberg og Radioteateret Live. Arrangement i Teaterkjeller'n pleier å vera veldig populært, og både eg og søstra mi var vel fornøgde med arrangementet. Nils Nordberg er meget god å høyre på, og den mannen kan alt om krim. Eg pleier ikkje å høyre så mykje på Radioteater, men det er spennande å høyre det live. Etterpå forflytta me oss til Centralteateret der Fredrik Wandrup snakka med Eirik Jensen og opphavsmennene bak podcasten Svartelista. Chris Tvedt fekk ein halvtime til rådighet der han snakka om vegen frå advokat til krimforfatter. Ny OP-5-time og nye intervjuer med Anne Grosvold. Kvelden vart avslutta med krimteatersport og nachspiel i forlagshuset.

Søndag 12. mars var heimreisedag, men ikkje før eg hadde vore på tvangslesekafé på Oslo S med Line og Silje. Kofferten var stappfull av nye bøker, og ei perfekt helg i Oslo var over idet flyet tok av frå Gardermoen. Håper det blir ny tur neste år!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Krimfestival høyres gøy ut! Litteraturfestivalen har eg vore på eit par gongar (gledar meg til årets) og kan tenke meg krimfestival er like stas.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nok like stas! Kos deg på litteraturfestivalen :-)

      Slett