Søk i denne bloggen

onsdag 19. april 2017

Bok: "Mio, min Mio"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Originaltittel: Mio, min Mio, omsett av Tove Bakke
Utgitt: 1954
Min utgåve: 2007
Format: Innbundet, 187 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Mio, min Mio starter i Tegnérlunden i Stockholm der ni år gamle Bo Vilhelm Olsson ofte befinner seg. Han er sakna av politiet i Stockholm etter at han forsvant frå heimen sin. På veg ut av butikken til fru Lundin vart han bedt om å poste eit kort for ho, og sidan har ingen sett ham. Og slik starter eventyret! Bo Vilhelm kjem til Landet i det fjerne, møter sin far kongen og blir for evig og alltid heitande Mio. Landet i det fjerne er ikkje utan fiendar og den onde ridder Kato stjeler barn frå det fredelege landet. Mio, og den nye bestevennen Jum-Jum reiser ut for å utfordre ridder Kato, og kongen håper dei kjem tilbake til Landet i det fjerne.

Mio, min Mio er ei av Astrid Lindgrens triste bøker, men eg syns den i tillegg er full av håp og trua på seg sjølv. Bo Vilhelm Olsson er fosterbarn hjå Edla og Sixten, men er ikkje eit elska barn. Det får han først erfare då han kjem til min far kongen. Eg las Mio, min Mio første gong i 2008, og den har derfor ikkje vore ein del av min barndom. Då eg las den i helga syns eg ikkje den var noko særleg, men for ein 8-åring trur eg den hadde vore frykteleg spennande.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Denne hørte jeg som lydbok i fjor sommer- et prøveabonnement på Storytel resulterte i at jeg hørte Astrid Lindgren selv lese denne og andre bøker. At forfatteren leste, gjorde nok at opplevelsen ble spesiell, og jeg var nok mer begeistra enn det du ble :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har fått med meg at Lindgren leser ein del bøker sjølv hjå Storytel, og det er godt mogleg eg hadde likt den betre. Når det er sagt syns eg ikkje noko særleg om den første gongen eg las den heller...

      Slett