Søk i denne bloggen

tirsdag 30. mai 2017

Leserefleksjonar #19 | Mai i bøker

Mai var: Samstundes som eg kommenterer annakvar dag at vekene fyker avgårde så har likevel denne mai-månaden vart i evigheter. Helgene har sjelden vore "mine" då servering i konfirmasjon, familietreff med 81 (!) andre, 17. mai-feiring med farmor, middag med familie og naboer og diverse anna har åte opp timane mine. Leselysten kjem seg, men det kjem veldig an på boktype. Eg har vore på kino og sett King Arthur (fantastisk film), bingewatched Anne with an E på Netflix og The Night Shift på Viaplay. Nå er eg klar for juni og forhåpentlegvis litt meir sommarvarme (og nei, den eine dagen førre laurdag var ikkje godt nok).

I mai las eg: Månaden begynte greit, men dei siste to vekene har eg knapt opna ei bok. Det er ikkje ei kjensle eg liker og er komfortabel med, men eg har innsett at eg må ta tida til hjelp. Eg har dog lest litt Astrid Lindgren, og elles lystlest når eg har hatt lyst til det.
  • Astrid Lindgren: Mesterdetektiven Blomkvist lever farlig (Kalle Blomkvist #2)
  • Astrid Lindgren: Mesterdetektiven Blomkvist og lille Rasmus (Kalle Blomkvist #3)
  • Lise Myhre: Nemi - Monstermaskinen (Nemi #6)
  • Lisa Aisato: Odd er et egg
  • Lise Myhre: Nemi - Farlig farvann (Nemi #7)
  • Nora Roberts: The Perfect Hope (Inn Boonsboro #3)
  • Agatha Christie: The Mystery of the Blue Train (Poirot #6)

I mai kjøpte eg: Ingenting utanom bokboksen.

Månadens store leseoppleving: Lisa Aisato er eit namn eg merka meg då eg las Mine to oldemødre i 2009. Eg har truffe illustratøren fleire gonger i forbindelse med bokbloggerprisen, og det gleda meg stort då boka hennar Odd er et egg skulle bli kortfilm. Då eit jakkemerke dukka opp på Instagram sendte eg ein mail til Lisa Aisato og spurte kor merket kunne kjøpas. Eit par dagar seinare dumpa ein konvolutt ned i postkassa mi med fem ulike jakkemerker med motiv frå filmen. Boka måtte derfor lesas, og biblioteket var neste stopp. Odd er et egg er ei skjønn bok om å kome ut av skalet sitt, og bør lesas av fleire.

Månadens lesesirkler/utfordringar: Eg har framleis til gode å lese resten av kortlista til MBPI, men eg har så smått starta på Grossman-boka. Elles har eg lest eit par Lindgren, og vil fortsetje med det.

I juni skal eg: Ta det heilt med ro og ikkje tenke på kva Goodreads seier om leseutfordringa ;-)

Kva har du lest og opplevd i mai?

XOXO

5 kommentarer:

  1. Tror nok det er lurt å ta det med ro og ikke tenke så mye på at lestelysten er litt fraværende akkurat nå. Hjelper hvert fall ikke å stresse med det. Håper været blir bra i juni og at du får leselysten tilbake! Klem!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er heilt sant at det hjelper ikkje å stresse - det kan gjera bare vondt verre :-/ Tusen takk, Ida!

      Slett
  2. Alle har slike perioder i blant, men leselysten kommer alltid tilbake! Slapp av og nyt livet likevel :)

    SvarSlett
  3. Eg har lese masse nynorsk i mai, sidan eg har fått eit oppdrag frå eit forlag om å finne nynorske tekster til eit leseverk. Det er ein del jobb, men også verdifullt å kunne lese tekster om att og sjå dei i ein samanheng.

    SvarSlett