Søk i denne bloggen

søndag 9. juli 2017

Booker-longlist: "Exit West"

Forfatter: Mohsin Hamid (f. 1971)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok, lest av Ashley Kumar, 4t26min40sek
Forlag: Penguin

Den pakistanske forfatteren Mohsin Hamid er fødd i Pakistan, men har budd delvis der og delvis i California. Han er kjent for romaner som How to Get Filthy Rich in Rising Asia og The Reluctant Fundamentalist (Booker 2007, shortlist), men har og jobba som konsulent innan ledelse i New York og London.

Handlinga i Exit West føregår i eit land på randen av borgerkrig. Dei unge menneska Nadia og Saeed møter kvarandre, og til tross for uroen i landet starter dei ein komplisert kjærleiksaffære. Etter ei tid med fleire uroligheter bestemmer dei seg for å rømme landet, og i den nye verda har dei kun kvarandre. Det er ikkje lett å halde på kjærleiken, ønsket om å huske fortida, og starte på ny, og Nadia og Saeed glir sakte, men sikkert frå kvarandre. Samstundes har dei ingen andre og er tvungne til å halde saman sjølv om det aldri hadde fungert i heimlandet. Er forholdet verdt å satse på i ei verd dei er usikre på?

Mohsin Hamid skriver vakkert om migrasjon, kjærleik og fortvilelse. Exit West er nydelig skrevet, og eg sitter igjen med ei kjensle av å ha høyrt noko bra. Om det fungerer i papir er eg meir usikker på då det går ganske stillferdig for seg. Exit West flyter bra samstundes som den er brutal i sin måte å skildre Nadia og Saeeds liv og handlingar. Flyktningkrisen er reell i våre dagar, og med denne vesle romanen forstår eg betre kva flyktningar må gjennom. Og akkurat det er mykje av grunnen til at ein leser fiksjon. For å tenke og forstå årsaker og drivkraft i mennesker på randen av samanbrot.

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Exit West er ei av mange bøker som kan hamne på den gjeve lista.

2 kommentarer:

  1. Boken høres jo unektelig bra og kanskje er bøker med dette som tema viktig for oss i disse dager med mange mennesker på flukt. Tenker at vi har godt av å høre deres historier og ta del i hva de må gå gjennom og ikke bare som mange gjør- klage over at det kommer for mange flyktninger hit.Vi hadde nok gjort det samme og det er nok ikke et enkelt valg for dem som velger å forlate landet sitt.
    Har lånt denne og ser at den er ganske kort så kanskje jeg rekker over denne også. Du skriver stillferdig og det liker jeg.

    Blir spennende med langlisten til uken.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser veldig fram til langlista på torsdag, og det mest spennande blir om eg har klart å treffe med bøker eg allerede har lest :-) Det er unekteleg travelt med 12-13 bøker på 8 veker, særleg viss bøkene har ein viss størrelse.

      Slett