Søk i denne bloggen

mandag 17. juli 2017

Bok: "Ronja Røverdatter"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ilon Wikland (f. 1930, ill.)
Originaltittel: Ronja Rövardotter, omsett av Jo Tenfjord
Utgitt: 1981
Min utgåve: 2000
Format: Innbundet, 227 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Ronja Røverdatter handler om Ronja som veks opp med mor, far og tolv røvere i Mattisborga. Dei første åra av livet til Ronja er prega av harmoni, og Ronja veit lite om kva faren gjer til dagleg. Ein dag treffer Ronja Birk Borkason i skogen, og blir sjokkert då han kan fortelje at han, foreldra og røverne deira bur i den andre enden av Mattisborga. Den natta Ronja og Birk vart fødde tordna det så voldsomt at lynet slo ned i borga og delte den i to. Då Mattis tar Birk til fange blir Ronja så eitrande sint på han at ho flytter ut i skogen med Birk. Det blir starten på ein lang sommar, som til slutt fører til fred og fordragelighet mellom Mattis og Borka.

Historien om Ronja er nok den av Lindgrens historier eg kjenner best, og då eg las boka i går merka eg at eg kunne den nesten på rams. Eg har sett Ronja bli spelt på Rogaland teater (må ha vore på slutten av 90-talet) og eg hadde filmen om Ronja på VHS (ekstern lenke) og såg den mykje som barn. Det er ingenting som overrasker meg eller skremmer meg i historien om Ronja, men eg kan forstå om barn som ikkje kjenner historien blir skremt eller undrer seg. Mattis med sitt sinne, då Ronja sitter fast i snøen, hoppinga over Helvetesgapet og fleire slike ting. Eg kjenner historien så godt at for meg vart det simpelthen eit gjensyn med ein gammal venn (som søstra mi skreiv ein dag då ho hadde høyrt stemmen til Grete Haagenrud, det er hennar gamle venn). Ronja Røverdatter er i same kategori som Brødrene Løvehjerte (intern lenke), men for mitt harehjerte så passer den meg mykje betre. Anbefales!

XOXO

2 kommentarer:

  1. Jeg er usikker på om jeg har lest Ronja Røverdatter i voksen alder, men jeg husker veldig godt filmen! Tror jeg må lese boka igjen snart ^^ (Jeg kommer sikkert til å bli vettskremt, haha. #reddhare)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje lest boka i voksen alder før nå, men pga filmen kan eg den på rams. Det er setninger eg kan sitere på svensk då eg las boka ;-)

      Slett