Søk i denne bloggen

onsdag 19. juli 2017

Bok: "Koste-Kari og de andre ungene"

Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002), Ingrid Vang Nyman (1916-1959, ill.)
Originaltittel: Kajsa-Kavat, omsett av Odd Bang-Hansen
Utgitt: 1950
Min utgåve: 1985
Format: Innbundet, 126 sider
Forlag: Cappelen Damm

Den svenske forfatteren Astrid Lindgren er verdskjent for sine romaner for barn, og for sine ulike karakterer som Pippi, Madicken, Emil og Rasmus. I 2017 skal eg fokusere på Lindgrens romaner, og eg veit det er mange gode historier i disse bøkene.

Novellesamlinga med Koste-Kari i spissen er ei samling med 11 historier med nemnte Koste-Kari, men og med den kjente historien om oksen Adam Engelbrekt, Pelle flytter til Rotebu og ein liten historie om far til Astrid Lindgren, Samuel August Ericsson. Elles var resten ukjent for meg, men like fullt underhaldande. Historiane viser mangfoldet i Astrid Lindgrens forfatterskap, og hennar kjærleik for barn av alle samfunnslag.

Koste-Kari vart forlatt på mormors dørstokk 3 måneder gammal, Samuel August var eit elska barn med fem brødre, medan Gull-jenta bur i lag med to tanter og ei kusine fordi mor hennar ligger på sjukehuset. Barna er heller ikkje ukjente med utfordringar og takler dei på sin måte, ofte til stor bravur og forundring frå dei vaksne. Det var nemleg vesle Kalle, ein uredd husmannsgut, som fekk den store oksen Adam Engelbrekt inn i fjøset ein påskedag. Novellesamlinga anbefales!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar