Søk i denne bloggen

lørdag 30. september 2017

Leserefleksjonar #23 | September i bøker

September var: Fort gjort, men full av kjekke ting! Min lokale Notabene-butikk har blitt kjøpt opp av Norli (hipp hurra!), bokbloggertreff i Oslo (sjå tidlegare innlegg), Erlend Frafjord på Jærhagen med ny bok om Tina Jørgensen-drapet, Aina Basso på biblioteket, og Hans Olav Lahlum i fri dressur til inntekt for Hjernesvulstforeningen. I dag er det regn og atter regn, men det kan vestlendinger tåle når veka har bydd på sol og bare sol.

Dagen før Oslo-tur vart min lokale Notabene til Norli. Ein månad og halvanna før det kviskra sjefen meg i øyret at det var på trappene då eg mottok eit gavekort hjå dei. Det er ingenting som gler meg meir akkurat nå enn den nyheten. Eg innrømmer glatt at Notabene er ein leikebutikk (forøvrig er personalet på bokhandelen samd med meg) og at det er større fokus på litteratur hjå Norli. Eg har handla og bestilt bøker hjå Notabene fordi eg er opptatt av å behalde butikken og handler som regel lokalt. At det er nå blitt Norli er magic! Eg skal nå så klart handle hjå Norli, og har allerede brukt masse penger i butikken då ein heil del er på tilbod.

Aina Basso har vore på rundtur i Rogaland, og onsdag var ho ein tur innom Klepp bibliotek. Basso snakka om det å skrive historiske verk, om sine eigne bøker og hadde til og med leita fram mørke historier frå min kommune. Meget interessant! Ein time seinare var eg på veg over gata til Edeståvå der Norli Jærhagen og Håland Kjøtt hadde gått saman om eit arrangement til inntekt for Hjernesvulstforeningen. Då Hans Olav Lahlum vart spurt om å komme til Klepp og bli bokbada til inntekt for foreningen hadde han eit krav: Han ville ikkje ha honorar! Dermed går alle inntekter (og bare i inngangsbilletter er det 30.000 kr) til Hjernesvulstforeningen. Bokbaderen var forfatter Marit Reiersgård (og ho utan honorar) og det var ein latterfylt kveld med utsøkt mat, sjakk mellom forfatterne og signert bok.

I september las eg: Ein heil del, og det er så deilig å kjenne på kjensla av at det er kjekt å lese bøker. Den har eg sakna!
  • Agnes Ravatn: Verda er ein skandale OTS
  • Astrid Lindgren: Vi på Saltkråkan
  • Agatha Christie: Dumb Witness (Poirot #16)
  • Gro Dahle og Svein Nyhus (ill.): Blekkspruten OTS
  • Shel Silverstein: Det gavmilde treet OTS
  • Thomas Marco Blatt og Lisa Aisato: Bror, søster. Dikt for barn OTS
  • Gaute Heivoll og Lisa Aisato (ill.): Det svarte pianoet OTS
  • Line Severinsen: Gratulerer, du er gravid
  • Line Severinsen: Full pupp. Om søvnmangel, gulping og verdens herligste følelse
  • Sharon Rentta: Fortellinger fra Poteby OTS
  • Richard Scarry: Folk i farta! OTS
  • Synnøve Eriksen: Skyld (Jordbærdamene #17)
  • Astrid Lindgren: Sunnaneng
  • Gemma Merino: Klart jeg kan klatre, sa kua
  • Agatha Christie: Death on the Nile (Poirot #17)
I september kjøpte eg: Ein heil del, men ingenting til fullpris. Norli Jærhagen (hipp hurra) har hatt ein del på salg, og eg har mottatt ei rekke med bøker frå forlag og.

Månadens store leseoppleving: Agnes Ravatn er ein favoritt, og essaysamlinga hennar er noko av det betre eg har lest på ei stund. Spot on, og den skal bli lest fleire gonger!

I oktober skal eg: Feire 1-årsdagen til leiligheten (hurra!), sannsynligvis på bokbad med Jørgen Jæger (må lese den siste boka hans først!), på arrangement med forfatteren bak årets Hele Rogaland leser-bok (nesten ferdig med den boka!), delta i Dewey's readathon 21.-22. oktober, og til Oslo med mor og sjå Les Miserables. Som me gler oss! Lese litt mellom slagene er og planen ;-)

Kva har du lest og opplevd i september?

XOXO

Følg gjerne min Instagram-konto @bookishelida :-)

4 kommentarer:

  1. Oy det var litt av en liste, skjønner godt den gode følelsen :) Er enig i at Ravatn er god! Ønsker deg en fin måned med Hele Rogaland leser :)

    SvarSlett
  2. Imponerende lesing!

    Line Severinsen, hmm, er det en sånn tegnedame? Høres kjent ut, lurer på om jeg har sett noen av bildene hennes på instagram. Burde forske på det, jeg er jo opplagt i målgruppen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Det er ei teiknedame ja, kosogkaos heiter ho på Instagram. Eg er absolutt ikkje i målgruppa, men eg syns det er festlige teikningar :-)

      Slett