Søk i denne bloggen

onsdag 20. september 2017

Oslo-helg frå h... til happy days!

Det er ikkje ofte eg tyr til sterkere vokabular, men fredag kveld hadde eg mange på lager. Onsdag gjekk eg frå sur til oppgitt til resignert på grunn av mogleg flystreik og kanskje eg ikkje kom meg avgårde. Det siste eg gjorde før eg la meg var å bytte fly, og vips var streiken avblåst. Fredag kveld skulle eg ta flyet til Oslo og møtte opp i god tid før flyet skulle gå (riktig nok to timer seinere enn min originale flight). Så vart flyet forsinka både ein og to gonger, og 3 timer på overtid gjekk eg på flyet til Oslo. Klagemail har eg sendt, men for min del så vart ikkje helga spolert, eg tenker meir på paret med 3-åringen, og den eine mannen som skulle videre til Bodø. Eg mista bare ein meget kjekk kveld på Litteraturhuset (underholdningen var ikkje mykje å skryte av fekk eg høyre på lørdag btw, men selskapet er bra).

Når du endeleg har komt deg på flyet og du bruker dei neste 40 minutta på å sjå på klokka kvart 10. sekund for du veit at siste flytog går 00.50 då blir du ganske stressa i hodet. Det rakk eg med eit nødskrik, og samla det motet eg hadde og gjekk opp heile Karl Johans gate klokka 01.30 ein lørdagsmorgon. Då vart eg forøvrig overraska over kor mykje folk det var ute. Alt eg ville var å finne meg ei seng, medan andre var klar for meir fest og moro! Eg hadde vore i kontakt med hotellet, men ikkje etter den siste forsinkelsen så den supersnille nattevakten hadde venta på meg i over ein time, og begynte muligens å bli litt bekymra. Eg kom meg i seng, men det vart ikkje for mykje søvn for k. 08.00 var eg superklar for frokost (det var eg forsåvidt og 01.30, men det var ingen som ville servere meg då).

Marianne frå ebokhyllami var på samme hotell, men litt tregere enn meg så eg var nede to gonger i frokostsalen den morgonen ;-) Etterkvart surra me oss ut i gatene, og nedover mot Eldorado. Her traff me fleire kjente fjes, og gjekk mot Grønland. På Asylet hadde me bokbloggertreff med mingling, quiz (som mitt lag vant bare så det er sagt!) og ein meget god diskusjon/debatt om bloggelyst/motivasjon/driv. Det er ikkje til å stikke under ein stol at blogging går opp og ned, men at det er fleire som får ein boost etter bokbloggertreffet er bevist bare denne veka. Etter ca to timer braut me opp, og gjekk ut i gatene på bokhandel-hopping. Først var me innom Cappelens Forslag, så innom eit bakeri for i det heile tatt å kunne gå videre (gretne boklesere liker ingen), så Norli Antikvariat, Tronsmo og til slutt Eldorado. Hjå sistnemnte hamna me i trappa til slutt og erklærte bokhandel-hopping for vellykka!

Med eit par timer til midddag fant fleire av oss ein kafé og tok ein kopp kaffe før me rusla til naboen til Asylet, Dattera til Hagen, for middag. Paraplydrinker, masse latter, gode samtaler og sjekking av kven som gjekk ut av Skal vi danse og Stjernekamp og timane forsvinner fort. Søndag opprant med strålande sol (skulle tru vérgudane visste at vestlendingane har sett lite til sola) og med litt dårlige kne på Marianne tok me ein interessant taxitur til Oslo S. Meir skravling, litt tvangslesing, og flytur tilbake til Stavanger og vips var helga over!

Eg er ganske flink til å handle på slike turer, men det einaste eg kom heim med var 3 bøker, og det er jo nesten utroleg. Om seks veker skal eg tilbake med mor for å sjå Les Miserables, og muligens meir shopping. Det som vart bestemt under diskusjonen på lørdagen er at neste års bokbloggertreff skal skje i Stavanger under Kapittel-festivalen! Tenk å ligge på hotell ein liten halvtime frå sin egen leilighet. Det kan fort bli gøy! Super helg med nokre av dei beste eg veit om, og velkommen til Stavanger neste år.

XOXO

6 kommentarer:

  1. Takk for fin helg Elida, det var veldig kjekt:-) Gleder meg til Stavanger neste år!

    SvarSlett
  2. Takk for sist og takk for treffrapport.
    Halve moroa er å gjenoppleve gjennom andres øyne.
    (håper det ordner seg med kirka på Klepp)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bare jillt, og kjekt å treffa deg igjen :-)

      Dei slår nok gjennom med ny kyrkje til slutt, men dei får ikkje ei krone hjå meg ;-)

      Slett
  3. Takk for sist!

    Liker valget om hotell-ligging på tross av vertskap, gleder meg allerede til neste år. Har aldri vært i Stavanger.

    SvarSlett
    Svar
    1. I like måte, Stine! Det er så styrete å reise fram og tilbake - først med tog også må eg over til buss. På søndager går det ikkje buss forbi meg, og eg liker tanken på å ligge på hotell i Stavanger. Det har eg aldri gjort! Stavanger er ein koselig by med finurlige små gater og smau - du kommer til å like den :-)

      Slett