Søk i denne bloggen

tirsdag 31. oktober 2017

Leserefleksjonar #24 | Oktober i bøker

Oktober var: Ein meget god månad som har vart akkurat lenge nok, med stort fokus på Rosa sløyfe-kampanjen. Eg har funnet Rosa sløyfer nærmest overalt, og det er så koselig. Elles har Nobelprisen i litteratur blitt delt ut (til Kazuo Ishiguro), Man Booker Prize har blitt delt ut (til George Saunders), eg har høyrt foredrag om jødiske Moritz Rabinowitz, vore på Damenes aften med gode kolleger og ikkje minst - tur til Oslo med mor og Les Miserables på Folketeateret. Den turen har me sett fram til lenge, og det var stor suksess! Neste år setter dei opp Phantom of the Opera, og eg er klar til den og.

I oktober las eg: Eg trudde ikkje eg hadde lest så mykje, for ein del av månaden har blitt brukt på ei bok som eg sliter med å ferdiglese. Når readathon kom midt i månaden så klarte eg endeleg å ta igjen Goodreads-målet, og når eg hadde ein halv dag på toget frå Oslo så las eg heil bok der og.

  • Arne Vestbø: Øverst på nazistenes liste
  • Jhumpa Lahiri: The Clothing of Books
  • Marit Trønnes og Heidi Pettersen: Og det var kjærlighet
  • Jørn Lier Horst og Hans Jørgen Sandnes: Operasjon Mumie (Detektivbyrå nr. 2 #15)
  • Virginia Woolf: The Waves
  • Fjodor Dostojevskij: Opptegnelser fra et kjellerdyp
  • Astrid Lindgren: Rasmus på loffen
  • Astrid Lindgren: Rasmus, Pontus og Trille
  • Mo Willems: Du må ikke la Dua kjøre bussen!
  • Mo Willems: Ikke la Dua legge seg for sent!
  • Kristin Storrusten: Barsel
  • Maria Parr: Keeperen og havet
  • Alfred Fidjestøl: Nesten menneske. Biografien om Julius
  • Dan Cato Olsson og Johannes Worsøe Berg: På stive hjul i Amerika
  • Agatha Christie: Murder in the Mews
  • Kazuo Ishiguro: Resten av dagen
I oktober kjøpte eg: Ikkje så mykje utan at eg skal sei sikkert, men definitivt mindre enn i september.

Månadens store leseoppleving: Alfred Fidjestøls biografi om Julius vart lest under readathon, og det var ei meget god bok. Det var gjort god research, og eg las om ein apekatt som ikkje har hatt det så altfor lett bak kamera. Eg har ein Julius-bamse heime på loftet som mange andre barn rundt om i verda, men tenkte aldri over som barn at den apekatten har truse på.

I november skal eg: Denne månaden har eg ingen store planer, men noko skjer nok. Det eg gler meg mest til er den dagen mitt lokale bibliotek blir meirope bibliotek. Det skal skje i løpet av dei neste månadane (mest sannsynlig før jul), og det blir ein høydare når ein elles keisam søndag kan brukas på biblioteket :-)

Kva har du lest og opplevd i oktober?

XOXO

3 kommentarer:

  1. Enda en Julius-fan, så gøy!

    SvarSlett
  2. Litt av en bunke du :) Jeg har også en bok av Nobelprisvinneren i hyllen, den heter Never let me go, er spent på den. Gøy å se at du har vært i hovedstaden på teater, sånt er alltid kjekt. Lykke til med lesemåneden november :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Er alltid litt overraskande når eg trur eg har lest så lite ;-) Eg låner Ishiguro på biblioteket og viss eg liker dei får dei muligens flytte inn i bokhylla ;-)

      Det er alltid kjekt med teater/musikal, og denne har me gleda oss til leeeenge :-)

      Slett