Søk i denne bloggen

lørdag 13. januar 2018

#24in48 kommer snart!

Å vie store deler av ein dag eller ei helg til å kun lese er luksus! Når helga endeleg kjem etter ei veke på jobb er det mange ting som burde gjeras og muligens må gjeras i løpet av dei få helgetimane ein har fått tildelt. Derfor er det så deilig at eit par gonger i året er det andre som tar på seg ansvaret med å lage til eit lesemaraton som alle kan delta i, og som ikkje krever anna enn at du har ei bok som venter.

Lesemaratonet #24in48 er eit maraton som går over to dager, og målet er å lese 24t i løpet av 48t. Eg har ofte betre suksess med dette maratonet enn Dewey's readathon. I år kunne ikkje datoen ha passa betre, då eg får besøk denne helga og skal på personalfest neste helg.

#24in48 går føre seg 27. -28. januar, altså om to veker. Eg har meldt meg på, og håper andre vil gjera det same. Eg kjem og til å skrive eit løpande innlegg der eg skriver om bøker eg har lest ferdig og kor mange timer eg klarer å lese.

Praktisk informasjon

Påmelding kan gjeras her: http://24in48.com
Twitter: @24in48readathon
Instagramkonto: 24in48

XOXO

1 kommentar:

  1. Veldig fristet, tror kanskje jeg må bli med. Har akkurat begynt på årets første murstein også, så trenger litt lesetid. Med mindre jeg på mirakuløst vis er ferdig med den til maratonet begynner.

    SvarSlett