Søk i denne bloggen

tirsdag 23. januar 2018

Skatter på biblioteksal

Eg skal ærleg innrømme at eg eiger ikkje skam når biblioteket har salg, og legger både dette og hint i stoffposene eg har tatt med (klok av skade tar eg med stoffposer for tunge bokhauger passer ikkje i plastposer). Eg trur eg var litt verre i fjor, men nå i helga var det salg igjen. Klepp bibliotek har hatt ei rivande utvikling det siste året, og er ikkje så langt i frå meirope bibliotek. Det gler eg meg til!

Uansett, laurdag klokka 10 var eg på plass for førstemann til mølla får først malt. Eg går på barnebøkene først, og fant ein heil del bra. Eg samler på barnebøker, og då gjerne enkelte forfattere. Elsa Beskow er ein favoritt, saman med Kari Grossmann og Beatrix Potter, og eg fant noko på alle dei. Lucy Maud Montgomery er forfatteren bak Anne frå Bjørkely, og då eg var i 10-årsalderen gjekk det ein TV-serie på NRK som heiter Road to Avonlea. Eg fant bøkene bak (eller foran, usikker på om det var bøkene eller serien som kom først) serien, og det var eit gledeleg gjensyn. Litt enkelt å lese, men så kjekt å "treffe" igjen dei finurlege karakterene i Avonlea.

På barneskulen las eg ei bok av den Stavanger-baserte forfatteren Gerd Borgenvik som heiter Gro, Ole og den bittelille broren. Det er ein fin historie om Gro som bur i lag med mor og morfar (far er død), mor blir gift igjen og Gro får ein lillebror. Den boka har vore bakerst i hodet mitt i mange år, og den fant eg på salg saman med resten av serien. Borgenvik skreiv 7 bøker om Gro, og nå har eg alle! Stor litteratur er det ikkje, men det er så kjekt med slike barndomsminner.

Elles fant eg nokre gamle sangbøker, ein heil stabel med bøker om Emma og Thomas (Gunilla Wolde), ein del fine bøker til ungane på jobb, og ei bok til mi lillesøster. Biblioteksalg trenger ikkje skje ofte, men det er veldig kjekt når det først skjer.

XOXO

7 kommentarer:

  1. I det hele tatt, barnebøker! Det er utrolig mye gull å finne i slike utsalg. Selv om bøkene i seg selv kan være ganske slitte og larvete, er det så fine illustrasjoner i de som med fordel kan settes i glass og ramme eller brukes på selvlagde kort :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er masse gull! Eg har funnet Anne Cath. Vestly tidlegare, og ein del biletbøker som ikkje er å få tak i lenger :-)

      Slett
  2. En dag må du ta bilde av bokhyllene dine Elida. Nå er jeg nysgjerrig på hvor mange kilometer du har etterhvert :) (sier jeg, misunnelig, som har gitt vekk hele bibliotekte mitt :(

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har faktisk ikkje så veldig mange bokhyller. Etterkvart har eg blitt flink til å kjøpe det eg veit blir lest mange gonger, og bruker biblioteket ein masse. Rett før jul ga eg vekk 20 kg med bøker (husker ikkje kor mange bøker det var då eg rekner i kg sidan eg sendte dei i posten), og det gjorde godt for bokhyllene.

      Ein del av barnebøkene ligger fortsatt i kasser heime hjå mor og far, og skal eg ha dei bort i leiligheten må eg nok ha meir hylleplass ;-)

      Slett
    2. Heldige meg som har litt av biblioteket ditt i hyllene mine, Marianne :-)

      Slett
  3. Jeg havnet fort på biblioteksalg jeg og. I fjor sommer var det stort og langvarig salg her siden biblioteket flyttet inn i ny bygning. Nå har vi fått et bibliotek som er åpent langt utover når bibliotekarene er der og det er fantastisk :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det eg ser mest fram til er å besøke biblioteket på søndager. Seint på kvelden kan eg ikkje tenke meg å vere på biblioteket for eg er littegrann mørkredd, men søndager er ofte keisame dager der eg har hatt god tid dagen før til å finne ulike bøker eg vil låne, men så må eg vente til mandag.

      Slett