Søk i denne bloggen

lørdag 31. mars 2018

Leserefleksjoner #31 | Mars i bøker

Mars var: Til tider så lurer eg på kor opptatt av veret det går an å bli, men nå er eg så lei av kulde og minusgrader! Påsken er her, eg har sett snøklokker og påskeliljer, og har frosset på meg forkjølelse på grunn av fotballkamp. Det aller beste med mars var den offisielle opninga av meirope Klepp bibliotek! Ved ein tilfeldighet måtte eg bruke kortet for å kome inn mandag denne veka, og måtte ta meg ihop for å ikkje hoppe av glede då eg var heilt åleine etter stengetid. Happy day!

I mars har eg lest: Mykje bra! Barnebøkene har tatt overhånd på Storytel, og eg må muligens ein tur på biblioteket for å finne resten (alt til Vestly er ikkje spilt inn). Erik Bye-boka var meget bra fordi Dennis Storhøi leser så godt, og eg har havna innom Jane Austen igjen. Det sistnemnte er forøvrig ei stund sidan sist, så det er bare koselig.
  • George Saunders og Lane Smith (ill.): The Very Persistent Gappers of Frip OTS
  • Lucy Maud Montgomery: Anne of the Island (Anne of Green Gables #3)
  • Gareth P. Jones: Arvingene (Thornthwaite #1)
  • Synnøve Eriksen: Kjøkkenskrivere (Jordbærdamene #19)
  • Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.): Kvinner i kamp OTS
  • Stefan Zweig: Sjakknovelle 1001
  • Ariana Harwicz: Die, My Love MBIP
  • Anne-Cath. Vestly: Aurora i blokk Z
  • Lisa Aisato: Snokeboka OTS
  • Anne-Cath. Vestly: Åtte små, to store og en lastebil
  • Emma Therese Hansen og Tora Marie Norberg (ill.): Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis OTS
  • Anne-Cath. Vestly: Mormor og de åtte ungene i skogen
  • Asbjørn Bakke: Erik Bye
  • Anne-Cath. Vestly: Marte og mormor og mormor og Morten
  • Anne-Cath. Vestly: En liten takk fra Anton
  • Anne-Cath. Vestly: Mormors promenade
  • Jane Austen: Fornuft og følelse
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander Filibom-bom-bom
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander på farten
  • Jane Austen: Overtalelse
  • Anne-Cath. Vestly: Ole Aleksander får skjorte
I mars kjøpte eg: Fem-seks bøker har flytta inn, og alle er hjartelig velkomne. Brødrene Bæsj kom i posten frå forlaget, og den er lest, ledd av og eg har sendt mld til ein kollega om eg kan låne nokre større barn. I posten fekk eg og til min store overraskelse (eg fekk heilt hakeslepp) den nye Jo Nesbø-boka. Den er foreløpig ulest, men meget velkommen.

Månadens store leseoppleving: Erik Bye var som sagt meget bra, men det var første bok om Thornthwaite-tvillingene som vant. Eg har sendt anbefaling to stykker som eg veit har barn i riktig alder, og håper det bidrar til gode lesestunder.

I april skal eg: Ta meg ihop og lese meir til den internasjonale Booker-prisen. 12. april kjem kortlista, og eg har så langt kun lest ei av dei nominerte. Eg har begynt på 2-3 stykker, men så tok alt anna overhånd.

Kva har du lest og opplevd i mars?

XOXO

tirsdag 27. mars 2018

Bok: "Erik Bye"

Forfatter: Asbjørn Bakke (f. 1961)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok lest av Dennis Storhøi, 22t43min31sek
Forlag: Lydbokforlaget

Asbjørn Bakke er vaktsjef i Aftenposten og har i over 30 år vore ein av Noregs dyktigste og mest profilerte rockkritikere, blant anna som redaktør i musikkavisa Nye Takter på 1980-talet. Han har gitt ut sjølv og vore medforfatter på bøker om rockhistorien, og kom i fjor ut med biografien om Erik Bye. I bokas takk frå forfatteren vart det avslørt at han har haldt på denne boka i sju år, og det sier litt om kor mykje stoff det fins om Erik Bye.

Erik Bye er eit namn og ein mann som eg ikkje er så kjent med. Eg er hakket for ung til å ha opplevd han både i radio og TV, men eg har høyrt mine foreldre snakke om han både før og etter han døydde. Erik Bye vart fødd i Brooklyn i USA på slutten av 20-talet, og hans far var operasanger Erik Ole Bye. Seinare flytta familien til Noreg, og foreldra opna pensjonat. Erik Bye hadde utferdstrang og reiste til USA etter krigen. Etter fleire år kom han heim, men faren såg han aldri igjen. Operasangeren døydde før sonen rakk heim. Bye har gjort mykje i det norske samfunnet og baksideteksten på lydboka lister opp hans mange sider: "programlederen, journalisten, visesangeren, dikteren, samfunnsrefseren, eventyreren og medmennesket" og då århundrets nordmann vart kåra på NRK i 2005 vart Erik Bye kun slått av kong Olav V og Einar Gerhardsen. 

Då eg såg boka første gong i bokhandelen i fjor var det ikkje umiddelbar glede for det var ikkje snakk om at eg skulle gje meg i kast med den 528 siders tjukke boka om ein mann eg såvidt visste kva hadde gjort. For eit par veker sidan fant eg lydboka utstilt på biblioteket, og den vart med heim. Til tider har eg irritert meg grønn over den unge Erik Bye som på sin USA-farting verken hadde orden på penger eller utdannelse. Eg har humra og ledd meg gjennom store deler av boka, og har dei siste dagane høyrt mange timer for å faktisk bli ferdig. I dag var dagen, og mot slutten rant tårene. Eg har det siste året etter min farfars død hatt lettere for å ta til tårene, og i dag fekk dei renne fritt då Erik Byes liv ebba ut i oktober 2004. Det kan ikkje ha vore lett for Tove Billington Bye å vere gift med Erik Bye, men at kjærleiken stod høgast er det ingen tvil om.

Erik Bye er ein meget velskrevet biografi om giganten, og i skrivande stund høyrer eg hans siste plate Støv og stjerner og kan sjå føre meg korleis den vart spilt inn i Byes eiga stove i Asker. Dokumentarfilmen Giganten (2005) har eg bestilt på biblioteket, og ser fram til å sjå den. Til slutt må eg skrive noko om Dennis Storhøi. Hadde det ikkje vore for at det er han som har lest inn boka er det ikkje sikkert den hadde blitt høyrt. Storhøi leser med bravur, og frå nå av burde han lese alle bøker som eg elles finner keisame. Eg har eit par titler som han godt kunne lest framfor andre, men eg skal la ver å skrive det her. Erik Bye anbefales varmt!

XOXO

søndag 25. mars 2018

Barnebøker: "Snokeboka" og "Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis"


Forfatter og illustratør: Lisa Aisato (f. 1981)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 40 sider
Forlag: Gyldendal

Forfatter: Emma Therese Hansen (f. 1973) og Tora Marie Norberg (f. 1972, ill.)
Utgitt: 2018
Format: Innbundet, 56 sider
Forlag: Figenschou

Forfatter og illustratør Lisa Aisato er ei kjent og elska forfatter i bokbloggermiljøet, og då Aisato annonserte på Facebook at Snokeboka var på veg var den straks innprenta i hjernebarken (og lommeboka). Lisa Aisatos tidlegare bøker er elska av mange, og mine personlege favoritter er nok Mine to oldemødre og barnebiografien om Astrid Lindgren (skrevet av Agnes-Margrethe Bjorvand).

Emma Therese Hansen har jobba som barnebokredaktør i Bokklubben og Schibsted Forlag, og nå journalist og skribent. Ho har tidlegare gitt ut faktaboka Naturen i Jeg vil vite-serien, og er nå aktuell med boka om Brødrene Bæsj saman med Tora Marie Norberg. Norberg er illustratør og kortfilmskaper, og står bak myldrebøkene Jeg elsker Norge og Æ elske Trondhjæm.

Dei som kjenner meg veit at eg brenner for at alle barn skal bli lest for kvar dag. Med jobb på liten avdeling i barnehage er eg førstemann til å foreslå boklesing når eg merker at barna trenger ein pause. Eg har og ein lidenskap for barnebøker, og det flytter inn barnebøker på lik linje med vaksenbøker i mine bokhyller. Etterkvart har eg blitt meir kresen for kva som får flytte inn, og det er ikkje sjelden at eg låner og leser bøkene for barna på jobb, også var eg ferdig med dei.

Snokeboka måtte flytte inn, same dag som den kom til min kjære Norli-bokhandel. Lisa Aisato har skrevet ei bok om mennesker i ein heis. Ei lita flue er og med i heisen, og saman med den får me stifte bekjentskap med alle menneskene i heisen, og kva dei gjer på fritida når ingen ser dei. Som Kurt som setter nasen i veret inne i heisen, men heime hjå seg sjølv danser han cha cha cha i strutteskjørt og sko med hæler. Som Johnny med den flotte hårmanken, men det viser seg at det er parykk og Johnny har knapt hårtuster på skallen. Eller som Susann med den røde hatten, som jobber i barnehage og kler seg ut som panda, setter seg på ein stol og skyfler innpå godteri etter siste barn har gått heim ein stille mandag. Eg nikoste meg, og når teksten flyter avgårde og bileta er som maleri då er eg solgt. Innertier!

Brødrene Bæsj og verdens mektigste hentesveis fekk eg tilbod om på mail frå Figenschou forlag, og eg sa straks ja. Det angrer eg ikkje på. Boka er meint for barn i alderen 6-9 år, men etter endt lesing har den mykje til dei vaksne og. President Promp er i byen med hentesveisen sin, og Billy Bæsj har ligget i telt dei siste ti dagene. Billy ender i presidentens hår og storebrødrene må hente ham ned frå kjendistilværelsen. Når sangene har melodier frå Karius og Baktus og hentesveisen ender opp i ubåten til President Pruttin ler eg meg ende over. Denne må eg nok ha med på jobb, og låne nokre større barn. Anbefales!

Til slutt må eg skrive litt om den fantastiske bokhandelen eg handler i. Då Lisa Aisato annonserte Snokeboka skreiv eg ein kommentar under med bokhandelsjefens namn med ønske om at denne boka måtte inn i butikken. Med travle dager hadde det gått i gløymeboka då eg fredag fekk Messenger-melding med bilete av boka og beskjed om at den hadde komt inn. Skriver tilbake om ho kan legge av ei til meg, og eg henter den i bokhandelen etter jobb. Som sagt, så gjort! Service i alle bauger og kanter!

XOXO

søndag 18. mars 2018

Bok: "Die, My Love"

Forfatter: Ariana Harwicz (f. 1977)
Originaltittel: Matate, amor, oversatt av Sarah Moses og Carolina Orloff
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2018
Format: Ebok, 147 sider
Forlag: Charco Press

Den argentinske forfatteren Ariana Harwicz er ein debutant i både bokverda og Booker-prisen. Ho har studert manusskriving, drama og litteratur ved ulike universitet, og har skrevet for teateret i Buenos Aires. Die, My Love er lest i forbindelse med nominasjonen til Man Booker Internationl Prize.

Die, My Love tar opp eit tema som ikkje er direkte tabu, men det  blir snakka lite om. Temaet er fødselsdepresjon, og kvinna i historien lider av dette. Saman med ektemannen og den vesle sonen bur dei på landsbygda i Frankrike, noko ektemannen ville. Dagane går seint, og kvinna veksler mellom å forbanne seg sjølv og barnet, og forbanne staden ho bur på. Mellom linjene kjem det fram at det er nok fleire ting kvinna sliter med, og hennar moralske kompass er langt ute på viddene. Til tider forsøker ho å oppføre seg slik ektemannen og familien ønsker, men ender som regel opp med å skjemme ut både seg sjølv og familien.

Romanen er rå og brutal, er svært forstyrrende, og virker til å vere meir enn sine knappe 150 sider. Tematikken i boka gjer at den tar mykje lenger tid å lese enn om det var ein "normal" kortroman. Harwicz har valgt å ikkje namngi karakterene og det gjer at eg får eit avstandsforhold til karakterene. Eg er til vanleg meget kronologisk av meg, og når Harwicz bytter forteljarperspektiv og hvilken tid det er vipper det meg av pinnen. Slike bøker liker eg igrunnen ikkje, og hadde det ikkje vore for nominasjonen sin hadde eg lagt den vekk utan å ha lest den ferdig.

Kandidat til kortlista? Den er såpass spesiell at det er godt mogleg, men eg avventer og ser kva anna eg finner på langlista.

Andre som har lest den: Beathe og Marianne.

XOXO

mandag 12. mars 2018

Man Booker International Prize 2018 - Longlist

Kjelde: Facebook
Kl 1500 norsk tid kom lista eg har venta på. Underbevisstheten har surra rundt denne lista eit par veker og hindra meg frå å begynne på omstendelige bøker, men nå er eg klar for å begynne på langlista.

Langlista ser slik ut:

Forfatter (Land) Oversetter Tittel (Forlag)
  • Laurent Binet (France), Sam Taylor, The 7th Function of Language (Harvill Secker)
  • Javier Cercas (Spain), Frank Wynne, The Impostor (MacLehose Press)
  • Virginie Despentes (France), Frank Wynne, Vernon Subutex 1 (MacLehose Press)
  • Jenny Erpenbeck (Germany), Susan Bernofsky, Go, Went, Gone (Portobello Books)
  • Han Kang (South Korea), Deborah Smith, The White Book (Portobello Books)
  • Ariana Harwicz (Argentina), Sarah Moses & Carolina Orloff, Die, My Love (Charco Press)
  • László Krasznahorkai (Hungary), John Batki, Ottilie Mulzet & George Szirtes, The World Goes On (Tuskar Rock Press)
  • Antonio Muñoz Molina (Spain), Camilo A. Ramirez, Like a Fading Shadow (Tuskar Rock Press)
  • Christoph Ransmayr (Austria), Simon Pare, The Flying Mountain (Seagull Books)
  • Ahmed Saadawi (Iraq), Jonathan Wright, Frankenstein in Baghdad (Oneworld)
  • Olga Tokarczuk (Poland), Jennifer Croft, Flights (Fitzcarraldo Editions)
  • Wu Ming-Yi (Taiwan), Darryl Sterk, The Stolen Bicycle (Text Publishing)
  • Gabriela Ybarra (Spain), Natasha Wimmer, The Dinner Guest (Harvill Secker)
Kortlista kjem 12. april, og med påskeferie innimellom er eg klar for lange dager på sofaen med påskegodt og Booker-bøker.

XOXO

torsdag 8. mars 2018

Dei nominerte til Rivertonprisen 2017 + vinnaren av Gullkulen

I formiddag vart dei nominerte til Rivertonprisen annonsert under Krimfestivalen i Oslo. Med to unntak har prisen blitt delt ut sidan 1973 og går til årets beste kriminallitterære verk. Juryen for 2017 har bestått av litteraturprofessor Hans H. Skei, forfatter og anmelder Knut Faldbakken og forfatter og anmelder Elin Brend Bjørhei. Kurt Aust er den einaste av dei nominerte som har vunnet prisen tidlegare (i 2003 for Hjemsøkt).

Dei nominerte er:
  • Kurt Aust: Skipet med det onde øye (Aschehoug)
  • Øistein Borge: Det som aldri dør (Font)
  • Lars Mæhle: Den stille flokken (Samlaget)
  • Aslak Nore: Ulvefellen (Aschehoug)
  • Trude Teige: Pasienten (Aschehoug)
Kjelde: Bokhandlerforeningen, Instagram

Prisen blir delt ut på Litteraturhuset i Oslo 15. mars.

Etter denne lista var det utdeling av Gullkulen. Kortlista kom forrige veke, og eg har så langt rukket ei halv bok av dei fem nominerte. Vinnaren vart Ane Riel med romanen Harpiks.

XOXO

søndag 4. mars 2018

Bok: "Arvingene" (Thornthwaite #1)

Forfatter: Gareth P. Jones (f. 1973)
Originaltittel: The Thornthwaite Inheritance, omsett av Jørn Roeim
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2013
Format: Innbundet, 280 sider
Forlag: Mangschou

Den britiske forfatteren Gareth Phillips Jones er eit hittil ukjent blad for meg, men det er ikkje så rart då eg ikkje følger så veldig med på kva som skjer i barne- og ungdomslitteraturen. Jones har hittil skrevet to bøker om Thornthwaite-tvillingene, men og ei rekke med andre bøker for barn og unge. Denne forfatteren må eg sjekke ut litt nærmere etterkvart.

Det første som står i baksideteksten er Agatha Christie møter Familien Addams. Eg er ingen stor fan av The Addams Family, trur knapt eg har sett ein heil film om dei, men Agatha Christie er ein innertier. Eg har lest dei fleste, om ikkje alle, bøkene den britiske krimdronninga har skrevet. Arvingene handler om eit tvillingpar som ikkje er heilt A4. Dei er foreldrelause, bur på ein gammal herregård, er arvinger til ein stor formue, og bruker det meste av tida på å ta livet av kvarandre. Me snakker ikkje om små skøyerstreker, her er det pirajaer i badekaret, iskrem med sprengstoff og andre morderiske saker. På trettenårsdagen bestemmer Lorelli og Ovid seg for å inngå skriftleg våpenkvile, og for første gong kan dei stole på den andre. Så kvifor fortsetter mordforsøka?

Lorelli og Ovid forstår etterkvart at den einaste dei kan stole på er den andre tvillingen, og går mordforsøka etter i saumane. Familiehistorien deira er og meget diffus, og brikkene legges ut på brettet. Kan det vera den store arven nokon er ute etter? Og i så tilfelle kven tener på at tvillingane døyr?

Arvingene er ei meget underhaldande bok som er meint for barn og unge. Likevel er det mykje i den som eg har glede av, og forfatteren veit å halde leseren på limpinnen. Kapitla er korte og greie, perfekt for lesing på senga, og historien har godt driv. Eg er spent på kva som vil skje i neste bok, Arvingene og den tvilsomme onkelen. Den har eg sett i bokhandelen, så løp gjerne og kjøp!

XOXO

lørdag 3. mars 2018

Dei nominerte til Gullkulen 2017

I fjor vart prisen delt ut for første gong, og i år er Fredrik Wandrup, Trude Teige og Elin Brend Bjørhei i juryen klar med ei ny kortliste. Gullkulen blir delt ut til fjorårets beste oversatte krimroman, og kortlista er eit godt sted å begynne.

Dei nominerte er:

Forfatter: Tittel (Originaltittel, først utgitt) Oversetter (Forlag)

  • Malin Persson Giolito: Størst av alt (Störst av alt, 2016) Monica Carlsen (Cappelen Damm)
  • Camilla Grebe: Når isen brister (Älskaren från huvudkontoret, 2015) Elisabeth Bjørnson (Cappelen Damm)
  • Joseph Knox: Sirenene (Sirens, 2017) Stian Omland (Cappelen Damm)
  • Peter May: Svarthuset (The Blackhouse, 2009) Ragnhild Aasland Sekne (Goliat forlag)
  • Ane Riel: Harpiks (Harpiks, 2015) Cecilie Winger (Aschehoug)




Prisen blir delt ut på Cappelen Damm-huset torsdag 8. mars kl. 11.45 under Krimfestivalen.

XOXO