Søk i denne bloggen

torsdag 22. november 2018

Bok: "Purriot og den falske nissen" av Bjørn F. Rørvik og Ragnar Aalbu

Den norske forfatteren Bjørn F. Rørvik (f. 1964) har dei siste åra blitt populær med bøkene om Bukkene bruse, og eg er ein av dei som er stor fan. Bøkene om mesterdetektiven Purriot er mindre kjent, og då eg oppdaga bøkene i haust hadde Rørvik, saman med illustratør Ragnar Aalbu, gitt ut fire bøker om Purriot. Purriot og den falske nissen er den seinaste i serien, og kom ut i år.

Det er tredje juledag, og mesterdetektiven Purriot står ved postkassa i gangen og plukker Hurlum Dagblad ut av kassa. Det er litt rart syns han sjølv å abonnere på ei lokalavis frå eit sted han kun har besøkt og løyst ein sak, men han syns det er ei koseleg avis. I dag står det med krigstyper over forsiden om ein falsk julenisse. Purriot tar med seg avisa og tenker ikkje meir over det på veg opp trappa. Paprika, kona hans, er i leiligheten og blir og interessert då Purriot kjem inn med avisa. Like etter ringer mobiltelefonen til Paprika, og det er Beate frå Hurlumheia. Presangen hennar frå Purriot og Paprika har og blitt stjålet, og nå blir Purriot sint. Ingen stjeler presangane han har gitt bort! Ekteparet sitter om ikkje lenge på toget til Hurlum, og saken er i gang.

Mesterdetektiven Purriot er ein god parodi på den meir kjente Hercule Poirot, og eg som liker godt den belgiske detektiven humrer og ler godt. Bøkene er fylt av gode setninger og herlige karakterer, og det er like mykje for vaksne som for barn i disse bøkene. Purriot og den falske nissen er den femte boka i serien, men eg syns ikkje det er naudsynt å lese dei andre om du helst vil lese denne. Norli-katalogen låg framme på jobb i dag, og Purriot vart diskutert. Purriot og den falske nissen kan leses som ei kalenderbok for det er 24 korte kapitler (to-tre sider), men då for barn som har begynt på skulen. Eg ville ikkje tatt den med til barna i barnehagen, ikkje til dei eldste ein gong. Då anbefaler eg heller Pulverheksa. God lesing!

Dei andre bøkene i serien er: Purriot og den usynlige mannen (2012) | Purriot og den forsvunne bronsehesten (2013) | Purriot og skimysteriet (2015) | Purriot og TV-kokken (2017) |

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 97 sider | Forlag: Cappelen Damm |

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar