Søk i denne bloggen

lørdag 9. februar 2019

Harry Potter Tag

GENERELT

1. Boka du liker best?

Mi favorittbok har alltid vore Harry Potter and the Prisoner of Azkaban. Harry får møte sin gudfar og sjølv om Harry trur at Sirius Black er av den gale sorten i begynnelsen, så blir det ein lukkeleg slutt for dei to.

2. Boka du liker minst?

Det står mellom Harry Potter and the Chamber of Secrets og Harry Potter and the Order of the Phoenix. Førstnemnte kan eg ikkje heilt forklare kvifor eg misliker, trur det er noko med stemninga i boka. Sistnemnte blir ødelagt av kor utruleg lang den er.

3. Filmen du liker best?

Eg liker igrunnen alle filmane på kvar sin måte, men igjen er det Harry Potter and the Prisoner of Azkaban som kjem høgast oppe.

4. Filmen du liker minst?

Eg liker begynnelsen på Harry Potter and the Deathly Hallows Part 1, men det blir for keisamt med vandring, syting og klaging i resten av filmen.

5. Favorittsitat?

Severus Snape sin "Always" kjem høgast oppe. Litt klisjéaktig, men det vesle ordet seier så mykje. Det andre er frå Albus Dumbledore. "Happiness can be found even in the darkest times if one only remembers to turn on the light."


KARAKTERER

6. Favoritt i Weasley-familien?

Molly Weasley. Varm, kjærleg, streng når ho må vere (som med howleren til Ron), og skikkeleg bad-ass når ho tar livet av Bellatrix LeStrange.

7. Kvinnelig favorittkarakter?

Det er fleire gode kandidater, og sidan eg har tatt Molly over her, så blir det Luna Lovegood. Ho har det nok ikkje så lett på Hogwarts og blir nok mobba, men ho er ikkje redd for å vere seg sjølv med rare øyredobber og smykker, og løvehodet på Quidditch-kamp sjølv om ho er i Ravenclaw.

8. Favorittskurk?

Umbridge utan tvil. Ingen over, ingen ved siden.


9. Mannleg favorittkarakter?

Det er delt mellom Severus Snape og Draco Malfoy. Begge er etterkvart ganske misforståtte, og ønsker igrunnen ikkje dei rollene dei er i.

10. Favorittlærer?

Professor Lupin.


VILLE DU HELLER?

11. A. Vaska håret til Snape eller B. Brukt ein dag på å høyre på Lockharts skryt om seg sjølv?

Eg hadde antakelig blitt innsatt for mord på Lockhart hadde eg brukt ein dag på høyre på han for det er grenser for kor lenge eg klarer å jatte med når folk snakker om seg sjølv og ting eg ikkje bryr meg om. Så det blir defintivt hårvask for Snape.

12. Duell A. Ei opprømt Bellatrix eller B. Ei rasande Molly?

Molly har tatt livet av Bellatrix så eg ville ikkje vore på den andre enden av den staven. Tar heller Bellatrix og håpe på det beste.

13. Reise til Hogwarts med A. Hogwarts-ekspressen eller B. Den flygende Ford Anglia?

Eg er ikkje noko glad i å køyre bil (eller sitte på som eg gjer då eg ikkje har lappen), så det hadde blitt toget. Og for ei oppleving det må ha vore.

14. A. Kysse Voldemort eller B. gi Umbridge eit boblebad?

Må eg vera i rommet når Umbridge bader eller kan eg bare lage det til og håpe ho sklir på såpa? Egentlig ingen av delene, men boblebadet er betre enn kysset.

15. A. Ri på hippogriffen eller B. Fly på Firebolten?

Hippogriffen virker tryggere så lenge den liker meg og dei liker vel betre jenter, stemmer ikkje det?


FRÅ BOK TIL FILM

16. Er det ein karakter du tenker annleis om i film vs bok?

Ginny Weasley har ein større rolle i bøkene enn i filmen føler i alle fall eg så då filmane kom syns eg ho vart litt skjøvet tilbake. Liker betre bok-Ginny enn film-Ginny.


17. Er det ein film du liker betre enn boka den er basert på?

Niks!

18. Richard Harris eller Michael Gambon som Dumbledore?

Eg liker betre kostymet til Richard Harris, han såg meir ut som ein respektert rektor. Gambon ser litt ... fillete ut til tider.

19. Det som irriterer deg mest (person eller hendelse) av det som ikkje fekk vera med i filmane?

Heile forholdet til Lupin og Tonks.

20. Viss du kunne lagd ein remake av ein Potter-film, hvilken hadde det vore?

Eg kunne godt ha lagd nye scener i diverse filmer, men det er ingen filmer eg ville lagd heilt nye.


HOGWARTS

21. Hvilket hus følte du at du høyrte til først?

Ravenclaw.

22. Hvilket hus vart du sortert inn i på Pottermore?

Eg tok testen første gong for eit par veker sidan, og vart Gryffindor. Ennå usikker på kva eg syns om det.

23. Hvilket fag hadde vore din favoritt?

Herbology. Såvidt eg har lest og sett krever det lite bruk av tryllestav, og eg liker planter og jord.

24. Hvilken trylleformel hadde det vore mest nyttig å kunne?

Ein enkel, men genial trylleformel er Reparo. Den trur eg hadde vore meget nyttig å kunne.

25. Hvilken Hogwarts-karakter trur du at du hadde blitt bestevenner med første dag?

Luna eller Hermione. Eller kanskje begge. Interessant å ha venner med ulike interesser og personligheter.


DIVERSE

26. Viss du kunne eid ein av dei tre Hallows, hvilken ville du hatt?

The Cloak of Invisibility, utan tvil.

27. Er det noko i bøkene du ville ha forandra på (karakter, hending, anything)?

Eg ville ha spart på fleire av karakterene som døyr, og då spesielt Lupin og Tonks. Dei fekk altfor lite tid saman, og definitivt for lite tid på skjermen.

28. Favoritt-Marauder?

Lupin.

29. Viss du kunne ha redda ein karakter frå døden, kven ville det ha vore?

I tillegg til Lupin og Tonks hadde eg redda Fred Weasley.

30. Hallows eller Horcruxes?

Hallows.

Disse spørsmålene fant eg hjå Books with Elin, og medan eg har høyrt podcasten Potter-generasjonen (søk den opp i iTunes eller Spotify) har eg skrevet mine svar.

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar