Søk i denne bloggen

søndag 24. februar 2019

Mammutsalg 2019 - 5.-16. mars - Mine forhåndsbestillinger

Det er så kjekt å lesa om dykkar erfaring med Mammut-salget, og eg må sei at eg er absolutt ikkje overraska over at nokon må halde seg vekke frå bokhandelen under salget. Eg burde nok gjere det same, men enn så lenge er det disse bøkene eg bare ikkje kunne la ver å kjøpe så får me sjå etter salget om viljestyrken er tilstede ;-) Disse bøkene bestemte eg meg for at eg kunne ikkje leve utan. Eit par har eg lest tidlegare, og eg har kikka på dei fleire gonger i bokhandelen, men ikkje tatt meg råd til å kjøpe dei. Nå når dei er på Mammut-salg og då tar eg meg råd til å handle.


* Nr. 1 er José Eduardo Agualusas Allmenn teori om glemsel. Denne las eg for nokre år sidan i forbindelse med Bookers internasjonale pris, og det er ein roman som eg godt kan lese om igjen. Anmeldelsen min frå 2016 finner du her! (intern lenke)


* Nr. 78 er Chigozie Obiomas Den forbudte elven. Som med førre roman las eg og denne for nokre år sidan i forbindelse med Bookers internasjonale pris, og det var ein meget sterk debutroman. Anmeldelsen min frå 2015 finner du her! (intern lenke)

* Nr. 132 er Jules Vernes En verdensomseiling under havet. Eg legger ikkje skjul på at eg liker pene bøker, men eg har og eit indre mål om å lese meir Jules Verne. Utgavene til Vidarforlaget er såpass stive i pris at eg har ennå ikkje kjøpt ei til fullpris så Mammut-salget er ein gyllen anledning til å handle.


* Nr. 641 er Tor Åge Bringsværds Tambar får en ny venn. Tambar er ein skjønn barnebokkarakter, og det skader ikkje at det er eminente Lisa Aisato som illustrerer. Disse har eg brukt på jobb, og dei slår godt an blant 3-5-åringene.

* Nr. 642 er Jean de Brunhoffs Historien om Babar. Eg har vore borti Babar tidlegare i ei av Barnas Beste-bøker held eg føre, og det er ein flott fransk klassiker.


* Nr. 708 er Maja Lundes Den helt sanne historien om hvordan det aller beste ble til. Denne barneboka har eg plukka opp fleire gonger i bokhandelen og vart veldig glad då eg såg den i katalogen. Eg trur den er bra, og det skader ikkje at det er Hans Jørgen Sandnes som illustrerer.

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ser ut som du får handlet litt i år også :) Det er bare Tambar av disse, jeg har og jeg sier som deg, denne slår an. Selv ringet jeg rundt 4 bøker i avisen, fire barnebøker som jeg gjerne skulle hatt på jobb. Mamma Mø er selvskreven, og et par til som jeg ikke husker :)
    Ha en fin uke Elida!

    SvarSlett
    Svar
    1. Men det er kun bøker som eg veit er bra!

      Mamma Mø har me ein del av på jobb og eg har ikkje noko personleg forhold til den karakteren så den får ikkje flytte inn i mi bokhylle.

      God veke til deg, Tine!

      Slett