Søk i denne bloggen

lørdag 29. februar 2020

Leserefleksjonar #56 | Februar i bøker

Februar var: Veldig lik januar vêrmessig, men ein gedigen opptur førre veke for eg er inne i leiligheten igjen! 2 og ein halv månad på "hybel" hjå mor og far er over. Ny seng, bokhyller i gangen og muligheten til å stikke innom biblioteket når det passer meg er på plass. For ein kvardagsglede!

I dag har eg og mor vore på dill i Stavanger, og det var kaldt, men digg. Middag på kinarestaurant, kikking i butikker, innom ein tur hjå farmor etter henting av gjengløymte ting hjå mor og far. Hjå farmor traff me eit søskenbarn av farfar, og det er alltid superkoselig.

I februar har eg lest: Det er igrunnen ikkje betre tal enn i januar, men det har løsna, og eg leser ein heil del for tida. Dei siste dagene har det gått fleire timer på lydbok for rydding er så mykje kjekkere med lydbok over høgtaler.

* Linda Boström Knausgård: Velkommen til Amerika
* Nora Roberts: Bed of Roses (Bride Quartet #2)
* Gale Galligan: Kristy's Big Day (BSC Graphic #6)
* Nora Roberts: Savor the Moment (Bride Quartet #3)
* Adele Lærum Duus og Elisabeth Moseng (ill.): Farmors kongehus
* Mariana Enríquez: Things We Lost in the Fire
* Nora Roberts: Happy Ever After (Bride Quartet #4)

I februar fullførte eg ikkje: Melkemannen av Anna Burns har eg levert tilbake halvlest, for den kunne ikkje fornyes. Eg er i gang med Solsøsteren av Lucinda Riley igjen på lydbok. Det er ikkje ofte eg skrur opp tempoet på lydbøker, men denne har eg på 1.25 for innleseren leser så saaakte.

I mars skal eg: Lese nokon internasjonale Booker-bøker, ha nokon dagar fri, forhåpentligvis få eit anna vêr enn det me har nå (iskald vind og regn nå i kveld).

XOXO

4 kommentarer:

  1. Gratulerer, det må være så deilig å komme i hus igjen :) Ser du har lest Farmors kongehus, sant den er bra? Jeg låner en haug med bøker på biblioteket om dagen, så jeg går i skytteltrafikk med bøker til og fra. God lesemars Elida!
    Obs, jeg har byttet bok på marsutfordringen, det viste seg at jeg hadde lest En by som Alice :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg må finne fleire bøker av samme forfatter, for det var bra saker. Eg har og ein haug med bøker frå biblioteket nå, og det er så deilig å kunne gå skytteltrafikk igjen til biblioteket :-) Takk, Tine. Det er så digg å kome i hus igjen :-)

      Slett
  2. Godt å høre at leselysten er på vei oppover igjen.:) Ønsker deg en fin mars.

    SvarSlett