Søk i denne bloggen

fredag 19. mars 2021

Venter på den internasjonale Booker-prisen

Det kan ikkje bare vera eg som sliter med konsentrasjon og leselyst for tida. Spørsmåla er mange og svara er få, men eg har kome til ein slags konklusjon over kvifor eg ikkje leser. Eg venter!

Eg venter på årets internasjonale langliste frå Booker-prisen. I mellomtida så greier eg ikkje å konsentrere meg nok om andre bøker for eg veit at det sekundet eg får vite hvilke bøker som er på langlista blir alt anna heve over bord.

Så eg tipser andre om kva dei skal lese. Eg har hatt ein dag på Snaplioteket med litt klassisk krim. Agatha Christie, Raymond Chandler, Stein Riverton og Arthur Conan Doyle. Sjølvsagt kjem eg ikkje gjennom ein snapdag utan å nemne Charles Dickens. Bleak House gjenleser eg for tida (det går saaakte), men eg er spent på korleis mannen frå Scotland Yard blir portrettert.

Ungane på jobb leser og samtaler om bøker om havet og havdyr, og nå veit eg meir om kvaler, blekkspruter, haier og diverse andre havdyr enn eg visste ved nyttår.

Klassikerdronninga (som er ein tittel eg fekk frå Snaplioteket) leser og andre bøker enn kun klassikere, og venter i spenning på neste bok om Lucinda Rileys sju søstre. Lansering er i mai, og eg har (og dette er ganske ulikt meg) forhåndsbestilt ei heilt ny bok.

Medan eg venter kikker eg på Goodreads eligible-liste som er ein slags peikepinn på hvilke bøker som kan ende opp på lista. Norske forfattere kan og bli nominert til den internasjonale Booker-prisen. Tidlegare år har Roy Jacobsen og Jon Fosse blitt nominert, og begge to står på eligible-lista denne gongen.

Den internasjonale Booker-prisens langliste kjem 30. mars.

Så, det var ein liten oppdatering frå meg. Eg er til tider meir aktiv på instagram. Finn gjerne @elidaleser :-)

XOXO

2 kommentarer:

  1. Ah, you and me both. Her ventes det også og omtrent alt jeg begynner på for tiden fremstår uinteressant. Jeg er ikke på goodreads lenger men har klart å lure meg inn på den listen selv om jeg ikke logger meg inn, nå er det en stund siden så nå må jeg ta meg en tur innom igjen.
    Hadde vært moro med norske på listen igjen.

    Når det gjelder Lucinda Rileys siste bok om de syv søstrene så venter jeg til lydboken kommer,hørte alle nærmest på rappen her i fjor på denne tiden.

    Ha en god helg, Elida :-)

    SvarSlett
  2. Den som venter på noe godt vet du :) Tenk om Jon Fosse kommer på langlisten....
    Takk for tips om forhåndsbestilling, min søster skal få Lucinda Riley til bursdagen, og siden hun har bursdag i april, bør hun få den så snart den kommer ut.
    Jeg har instagramkonto, men de gangene jeg går inn gir det meg ikke så mye. Scroller nedover den første siden, og ofte gjenkjenner jeg ting jeg har sett på facebook. Prøver igjen, alltid kjekt å følge med på mine medlesere vet du. Ha en super lørdag Elida!

    SvarSlett