Søk i denne bloggen

fredag 2. april 2021

Bokanmeldelse: "De ansatte" av Olga Ravn (IBP21)

Den danske forfatteren Olga Ravn (f. 1986) har mange jern i ilden. I tillegg til egne utgivelser både innan roman og lyrikk er Ravn kritiker, oversetter og redaktør. I Noreg er fleire av utgivelsene hennar utgitt hjå Samlaget, og det gir meg umiddelbart lyst til å lese dei. Romanen De ansatte vart utgitt på eit britisk forlag i fjor haust, og er nå på langlista til den internasjonale Booker-prisen.

De ansatte handler om ein arbeidsplass frå det 22. århundret og er oppbygga som ein protokoll med vitneutsagn. Besetningen på ein båt, som er ein blanding av mennesker og menneskeliknande ansatte, får ei rekke gjenstander frå ein anna planet, og knytter bånd til gjenstandene utan heilt å vite kvifor. Etterkvart begynner dei å sjå seg sjølv i eit nytt lys og undrer seg over kvifor det er slik det er på denne båten.

Eg er ikkje den som leser science fiction så ofte, men vil ein lese frå lister så får ein hoppe i det og prøve noko nytt. Romanen er mystisk, men likevel gjenkjennelig. Kor mykje av vår arbeidskvardag er bestemt av andre enn oss sjølv, og kor mykje kjemper me imot nye bestemmelser frå høgare hold? I dagens pandemi-samfunn er det restriksjoner frå høgare hold, og ein del av dette styrer me ikkje over. Er det slik for den talende personen i denne romanen og? Og kor lenge går det før nokon protesterer? Konklusjonen min etter å ha høyrt denne korte romanen er at ein veit ikkje korles framtida blir, men at Olga Ravn kan skrive poetisk om ei usikker framtid er heilt sikkert.

Det eg liker best med den internasjonale Booker-prisen er dei romanane og novelle-samlingane du oppdager, og som du muligens ikkje hadde oppdaga utan denne prisen. Eg skal i alle fall finne meir Olga Ravn utover våren.

Forfattar Olga Ravn og omsetjar Martin Aitken (frå dansk til engelsk)

XOXO

| Utgitt: 2018 | Format: Lydbok frå Audible, 2t20min (hefta utgåve er på 134 sider) | Forlag: Gyldendal Dansk Forlag | 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar