Søk i denne bloggen

søndag 4. april 2021

Bok: "De fattiges krig" av Éric Vuillard (IBP21)

Den franske forfattaren Éric Vuillard (f. 1968) er i tillegg filmregissør og manusforfatter. Han har skrevet eit titalls romaner, og eit par er omsett til norsk hjå Solum Bokvennen. Romanen De fattiges krig kom ut på eit britisk forlag i fjor haust, og er nå på langlista til den internasjonale Booker-prisen. 

De fattiges krig handler om den såkalte Bondekrigen i Tyskland - den store tyske bondeoppstanden i årene 1524-1525. Teologen Thomas Müntzer stod i front og kjempa for nye skatter. Det ville ført til at dei fattige vart enda fattigere, og det ville ikkje Müntzer. På baksida står det at boka trekker tankevekkjande paralleller til vår eigen tid, og det har baksideteksten rett i (syns eg).

Eg trudde ærleg talt eg hadde fått feil bok då eg henta De fattiges krig på biblioteket på tysdag, men dengang ei. Ei lita kort flis på 62 sider som tok meg 45-60 min å lese. Eg er ikkje den første som leser bøker som føregår før 1700-talet, og eg gjentar meg sjølv når eg skriver at eg hopper fordi eg leser frå ei liste. Språket er enkelt og poetisk; den norske omsetjaren Elin Beate Tobiassen har gjort ein god jobb og eg trur ikkje boka kunne ha vore lenger. Krigen varte vel ikkje lenger heller utan at eg har sjekka det nærmare. Trenger du ein kort og fin roman ta gjerne denne.

Forfattar Éric Vuillard og omsetjar Mark Polizzotti (frå fransk til engelsk)

XOXO

| Originaltittel: La Guerre des pauvres, omsett til norsk av Elin Beate Tobiassen | Utgitt: 2019 | Min utgåve: 2019 | Format: Innbundet, 62 sider |

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar