Søk i denne bloggen

torsdag 7. oktober 2021

Nobelprisen i litteratur 2021


Kl 13 vart det kunngjort frå Det Svenska Akademiet at romanforfatter Abdulrazak Gurnah tildeles årets Nobelpris.

Abdulrazak Gurnah er fødd på øygruppa Zanzibar som høyrer til Tanzania i 1948, og kom til England som flyktning i 1968. Han har vore professor i litteratur ved universitetet i Kent frå starten av 80-talet til pensjonsalder. Gurnah har 10 romaner på samvittigheten, har vore på kortlista og langlista til Booker-prisen og satt i Booker-juryen i 2016.

I 1994 hamna hans roman Paradise på kortlista til Booker, og i 2001 hamna romanen By the Sea på langlista. Gurnah føyer seg derfor inn i rekka av Booker-nominerte forfattere som seinere mottar Nobelprisen. Rekka består av William Golding, Nadine Gordimer, V.S. Naipaul, J.M. Coetzee, Doris Lessing, Alice Munro, Kazuo Ishiguro, Olga Tokarczuk og nå Abdulrazak Gurnah.

Ved eit kjapt søk rett etter kunngjeringa fant eg tre romaner som er omsett til norsk. Det er Aschehoug forlag som på slutten av 90-talet og tidleg 2000-tal omsatte romanane Ved sjøen, Paradis og Taushetens øy. Eg har bestilt dei tre frå Sølvberget via bibsok.no og håper å hente dei neste veke. Eg ser på Dagsrevyen at forlaget jubla og feira med bobler då kunngjeringa vart gjort så det er håp for nye omsetjingar.

Eg ser fram til å bli betre kjent med denne forfattaren!

XOXO

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar